Hermansverk eller Bergen? Ikkje avgjort kvar Fylkesmannen skal ha hovudsete

Fylkesmann Anne Karin Hamre.

Fylkesmann Anne Karin Hamre. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Det blir samanslåing, og delt lokalisering. Men regjeringa let spørsmålet om hovudsetet for Vestlands-fylkesmannen stå ope.

DEL

Hordaland og Sogn og Fjordane får felles fylkesmann, slik dei to vestlandsfylka la opp til, då fylkeskommunane forhandla seg fram til intensjonsavtalen om samanslåing. Regjeringas avgjerd om dette passerte statsråd i dag. Samanslåinga skal skje frå 1. januar 2019, og det nye embetet skal ha delt lokalisering. Sogn og Fjordane skal få ha om lag same tal tilsette, og ikkje færre arbeidsplassar, går det fram av ei pressemelding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet Firda refererer til.

Står ope

Men avgjerda om kvar hovudadministrasjonen skal ligge, er førebels skyvd ut i tid. Regjeringa tek sikte på å avgjere denne lokaliseringa i løpet av våren, i samband med tilsettinga av embeta som fylkesmenn i dei samanslegne embeta. Så langt er det berre lokaliseringa av Oslo-embetet som er klart.

Dermed står det enno ope om den lokaliseringa Hordaland og Sogn og Fjordane har blitt samde om – med hovudsete for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane – kjem til å bli ein realitet.

– For å få ein god regional balanse i offentlege arbeidsplassar ønskjer regjeringa å vurdere fylkesmannens lokalisering i samanheng med lokaliseringa av fylkeskommunane sine administrasjonar, seier Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) i pressemeldinga.

FYLKESMANNEN: Anne Karin Hamre meiner det er positivt at Sogn og Fjordane ikkje skal få redusert talet på tilsette ved fylkesmannsembetet.

FYLKESMANNEN: Anne Karin Hamre meiner det er positivt at Sogn og Fjordane ikkje skal få redusert talet på tilsette ved fylkesmannsembetet. Foto:

Ventar og ser

Fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane seier ho ikkje ønskjer å gi seg ut på noko tolking av kva utsettinga av hovudkontorlokaliseringa betyr.

– Politisk leiing skal besøke alle embeta. Vi får prøve å få dei avklaringar vi kan i møtet dei skal ha med oss, seier Hamre til Firda.

– Eg legg til grunn at vi skal vere på dei plassane vi heldt til i dag i Sogn og Fjordane, og eg tykkjer det er positivt at det har blitt streka under at ingen tilsette skal misse jobben. Vi ønskjer å bygge ein moderne organisasjon med stor bruk av IKT, slik at færrast mogleg treng å skifte arbeidsstad. Denne tenkinga opplever eg at vi har fått gjennomslag for, i den prosessen som har vore. No må vi også jobbe for å få tilført direktoratsoppgåver og slik få eit større vestlandsembete. Samanslåinga gir også moglegheiter, seier Anne Karin Hamre.

Christian Rekkedal – Fylkesmannens landbruksdirektør, som heldt til i Førde – seier han er glad for at regjeringa har bestemt at det nye embetet skal ha delt lokalisering.

– Det blir eit stort fylkesmannsembete, og med lange avstandar. Difor er dette ei god løysing, seier Rekkedal.

Artikkeltags