Flora bystyre har vedteke å halde fram med å ha undervisninga i skuletida, trass i at nasjonale retningslinjer seier ein må ha særlege grunnar for å gjere dette.

Human-Etisk Forbund lokalt har sendt brev til Fylkesmannen om saka, der dei ber om lovlkontroll, og det er difor Flora kommune no må gjere greie for saka.

– Fylkesmannen vil vurdere om det kommunale vedtaket er gyldig. Vi ber kommunen sende oss kopi av dokumenta i den aktuelle saka. Vi ønskjer også kommunen si vurdering av avgjerda med tanke på om ho er lovleg, skriv utdanningsdirektør Åslaug Krogsæter i brevet.

– Vi ber kommunen gjere greie for dei særlege grunnane for vedtaket om å ha konfirmasjonsundervisning i skuletida, skriv ho vidare.

Flora kommune må svare innan 9. august.