Floraordførar Bengt Solheim-Olsen hadde mykje skryt å komme med overfor Maritim Foreining og Stein Kvalsund etter tematuren i dag. Han hevda foreininga no er i ferd med å bli eit lim som kan få næringslivet i alle delar av fylket samla. Foreinga har blitt flink til å kommunisere at utvikling skjer i lag med nabokommunane og ikkje kvar for seg og kommunikasjon er her det aller viktigaste peika han på.

- Kystvegen må no på topp på prioriteringslista. Eg registrerer at dei ulike partia i fylket no trekk Kystvegen fram i programma sine, men her hjelp det ikkje med gode intensjonar. Vi krev handling, kjem det frå Floraordføraren. Det var også den klare bodskapen han hadde med seg i møte med fylkesmakta.

- Litt snålt

Ei av dei som var med på turen og som hadde innlegg på vegner av sentralmakta veit kor skoen trykker. Statssekretær Kristin Maurstad humra litt over situasjonen. Men ho kunne ikkje seie nei til Stein Kvalsund i Maritim Foreining då han bad ho med på båttur.

- Det er litt snålt og kanskje ikkje alt eg kan skryte uhemma over, kom smilande det frå Maurstad. Men ho kjende seg på trygg grunn og framheva kor viktig det er med kommunikasjon i fylket framover. Dette kjem også klart fram i rapporten Agenda Kaupang som ho har jobba med.

Kystkommunane samla

Alle ordførarane dei ni kystordførarane i fylket var i dag samla i same båt. Noko Bremangerordførar Karl Vidar Førde så tørrvittig poengterte midt på Stadfjorden. Ordførar i Hyllestad Jan Olav Gjerde, Karl Vidar Førde - Bremanger, Arve Helle - Fjaler, Morten Hagen - Vågsøy, Ole Gunnar Krakhellen - Solund, Frida Melvær - Askvoll, Bengt Solheim-Olsen - Flora, Hallvard Oppedal - Gulen og Ottar Nygård - Selje var alle samde om kommunikasjonen må opp på topp.

- Alle kommunane har ulike utfordringar, men alle vil ha folkevekst gjennom næringsutvikling. Då er større bu- og arbeidsområde kommunane på kysten imellom avgjerande. Dette er den viktigaste faktoren til å stogge stagnasjonen av utviklinga i Sogn og Fjordane, slo Bengt Solheim-Olsen fast. Han var klar på at Kystvegen må på plass nord- og sør for Florø. I påvente av dette poengterte han at ei pendlarrute må på plass for å kunne få eit velfungerande bu og arbeidsområde på plass.

- Vi kan ikkje ha ei pendlarrute frå Askvoll til Florø som vil vere ei utviding av søre Florabassenget. Den må vere direkte skal den kunne fungere, seier han. Han la også til at ei pendlarrute er ei fylkeskommunal oppgåve å legge til rette for.