Fylkesbank-løkka – draumen som vart realisert

Av
Artikkelen er over 14 år gammel

SVELGEN: Det var med god stemning, godt humør og med fotballspelarar frå Sogndal, at ein onsdag kunne erklære ballbingen for offisielt opna.

DEL

– Dette har vi gleda oss til, seier Kirsti Pedersen (16), som sjølv er ivrig fotballspelar. – Ballbingen er bra for det sosiale livet innan idretten i Svelgen, fortel ho vidare, og meiner at dette kan trekke fleire og fleire til idretten. – – Sidan eg går på vidaregåande i Florø, er det nesten så eg saknar å gå på Svelgen Skule, slik at eg kunne spelt her oftare, ler ho.

Dobbel binge

Ballbingen, som er dobbelt så stor som vanlege proffballbingar, har hovudutstyr til basketball, fotball og volleyball.

– Vi håpar likevel at bingen skal verte ein møtestad for alle som vil drive med ulike aktivitetar, og ikkje berre dei tre, seier Svein Arne Sandvik, leiar for Svelgen Turn og Idrettsforeining.

– Vi hadde lenge gått med tankar om det å få i stand ein ballbinge i Svelgen, men det var ikkje før i 2003 at det vart slått rot for utviklinga av ideen. Under samanslåinga av bankane vart det nemleg gitt eit øyremerka pengebeløp på heile 200 000 kroner, med formål om eit idrettsanlegg i Svelgen. Då vart det fort bestemt at planane om ein ballbinge skulle realiserast. Utan pengegåva vi fekk i 2003, hadde nok ikkje ballbingen blitt til før om mange år fram i tid, meiner Sandvik bestemt.

Dermed kan ein også fort tenkje seg korleis namnet ”Fylkesbankløkka” kom til.

Mykje hjelp

Sidan pengegåva i 2003 har fleire ulike organisasjonar og firma gitt både gåver og arbeidskraft, noko Sandvik er svært nøgd med. Han heldt tale for dei mange frammøtte, og nemnte der alle som hadde investert i prosjektet. Men også andre innbyggjarar i Svelgen har vore med på å realisere draumen: Heile 725 dugnadstimar hadde gått med til saman, men blant alle som hadde vore med på dei, var det tre personar som vart spesielt lagt merke til for sin innsats. Det var Einar Gjerde, Ståle Mulehamn og Alf Førde, tre eldsjeler som alle fekk takkegåver frå STIF.

Proffbesøk

I tillegg til lokale kjende ansikt, det var eit spesielt æresbesøk på onsdagen. Kjetil Holvik og Raoul Kouakuo frå Sogndal Idrettslag var nemleg på plass for å spele fotball med dei unge. Dette var ordna gjennom Fylkesbanken, som felles sponsor for Idrettslaget og ballbingen.

Det at spelarane frå det kjende laget kom, var eit trekkplaster for opninga, som gjorde at dei fleste av ungane i Svelgen møtte opp. Dei vart omringa av små autografjegerar, og imponerte dei små med flotte fotballtriks.

– Kjempekjekt å få Sogndalspelarar hit, meinte ein av dei eldre som også var imponerte, Iselin Mulelid (16), fotballspelar og stor fan av Sogndal-laget.

Godt nøgd

Dei ulike idrettsgruppene i Svelgen har også vore med på å få gjort ferdig bingen til våren.

– Fotball- og friidrettsgruppa har beisa bingen, det er nok grunnen til at det ikkje er like jevnt over alt, ler Svein Sandvik.

Han meiner likevel at ballbingen, slik den står i dag, er akkurat slik han hadde forventa.

– Vi vil også takke Kåre Myklebust og Svelgen Skule. Dei har gjort dette muleg for oss ved å la oss byggje på skuletomta, og ved å vere svært positive til prosjektet heilt sidan vi starta. Vi har også gjort dette for å forbetre aktivitetsmiljøet i Svelgen, og ikkje for å skaffe inntekter på det. Om eg skal vere heilt ærleg, så har vi faktisk enda opp med underskot. Men dette gjer ingenting. Det er nemleg ikkje det som er det viktigaste, avsluttar han.

Artikkeltags