Då pappa ordførar ikkje kunne klippe snora, tok sonen Emil (5) ansvar

Emil vikarierte for ordførarpappaen sin.

Emil vikarierte for ordførarpappaen sin. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Den skal tidleg krøkast, som god ordførar skal bli.

DEL

– Vi hadde jo håpt at ordførar Ola Teigen skulle opne dei nye leikeapparatet og kjøkkenet torsdag, men det kunne han dessverre ikkje. Då var han nemleg oppteken med opninga av fleirbrukshallen i Eikefjord. Så vi spurde difor vår heilt eigen supervikar her i barnehagen, Emil, om han ville klippe snora i staden for pappaen sin. Han sa ja med ein gong. Og så fort mamma og pappa hadde sagt at det var i orden, byrja vi førebu oss på opning.

Det seier Sonja Sæten Nilsen, som jobbar som fagarbeidar i 25-årsjubilanten Furuhaugane barnehage.

Supervikaren Emil (5)

Barnehagen byrja med ein gong å lage til eit heilt eige ordførarsmykke til Emil (8).

– Og i tillegg insisterte han på å få ein krakk å stå på. Saks ville han ta med heimanfrå, for han var ikkje sikker på om saksene her på barnehagen var skarpe nok, humrar Sæten Nilsen og strekar under at han var ein svært presentabel ordførarvikar. Emil steig opp på krakken, proklamerte at han herved «presenterte den nye leikeplassen for opna», og klypte den raude silkesnora.

Miniordføraren sjølv storkosa seg med oppgåva, sjølv om det var litt nervepirrande å debutere som snorklippar. Og femåringen har planen klar; han skal bli ordførar som pappa når han blir stor.

– Det er veldig gøy å vere ordførar, det er ein koseleg jobb å klippe snorer og sånt. Så gjer du det du skal, og som dei andre seier at du skal gjere, seier Emil tankefullt, og varar kontant på spørsmålet om han synest pappaen sin gjer ein god jobb.

– Eg synest han er flink.

(Sjå bildeserie nedst i saka).

Furuhaugane barnehage

64 plassar for barn mellom 0 og 6 år, fordelt på fire avdelingar.

19 årsverk fordelt på 23 tilsette.

Ligg an til eit årsresultat på kring millionen i 2016, og ligg an til å bli litt under årsresultatet i 2015. Rekneskapen for 2016 er til revisjon no.

Eigenkapital i 2016 på 8 millionar kroner.

– No er vi der vi vil vere

Ein som også har lagt ned eit godt stykke arbeid er styreleiar Atle Jarl Trettevik i barnehagen. Det er eit verv han har hatt alle 25 åra barnehagen har eksistert. Det byrja nemleg med at Atle Jarl og ein del andre småbarnsforeldre som mangla barnehageplass til sine små, gjekk saman om å gjere noko med problemet. Den kommunale barnehagen «Myrsnipa» var ein brakkerigg som låg der Krokane Barnehage ligg i dag var for liten. Ved at kommunen gjekk inn i samarbeid med Furuhaugane....

– Det var trongt om barnehageplassane. På det tidspunktet var eg salsleiar i Vestlandshus, som eigde tomta der Furuhaugane barnehage ligg i dag. Vestlandshus bygde også barnehagen. Far min Atle, som for øvrig har vore forretningsførar for barnehagen i 25 år, kunne alt om kooperasjonsprinsippet og andelstanken. Då dukka ideen om å lage til ein andelsbarnehage, der andre småbarnsforeldre med same behov som oss gjekk inn med innskotskapital. Grunnen til at vi i dag er der vi vil vere, er at Furuhaugane barnehage ikkje er eit kommersielt føretak, men eit andelslag der alt overskotet har gått til eigenkapital, strekar Atle Jarl Trettevik under.

Opp- og nedturar

Men han vil ikkje stikke under stol at det også har vore tøffe år.

– Eg skal innrømme at det var tøft, spesielt i byrjinga. Om vi skulle skrive bok om Furuhaugane barnehage, ville kapitla vore som følger: «Tøff start», «Blod, sveitte og tårar», «Krise», «Lys i tunnelen», og det siste kapittelet ville heite «Opprykk til Eliteserien». No er vi der vi vil vere, både med tanke på økonomi og fasilitetar. De er vi stolte av. Men på eit tidspunkt i historia, under kapittelet «Krise», tapte vi halvparten av eigenkapitalen. Men det har vi klart å snu, seier Trettevik.

Vedutgangen av 2016 hadde Furuhaugane barnehage ein eigenkapital på 8 millionar kroner. Alt dette blir sett inn i framtidig drift og eigenkapital, det blir ikkje teke ut utbytte.

Det siste året har dei investert fem millionar i oppgradering og utbygging. Halvparten gjekk med til utskifting og oppgradering av tekniske anlegg.

– I tillegg har Skanska bygd eit nytt kjøkkenbygg til oss. Dette stod ferdig for snart eit år sidan, og gir både ungar og tilsette heilt nye moglegheiter for aktivitetar. I år har vi dessutan oppgradert leikeområdet ute. Vi kjøpte dei beste og dyraste leikeapparata vi fann, og asfalterte uteområdet, avsluttar Trettevik.

Artikkeltags