Ungdomspolitikarane i Musikalsk Ungdom, Florø Sentrum og Florø Rockeklubb samarbeidde om konserten, som diverre såg ut til å gå underskot. Det var mykje ungdom i sentrum av byen, men alt for få av dei gjekk på konsert. Men den vesle klynga som hoppa og slengte håret i alle retningar framfor scena på torget, hadde ein stor kveld.

Span hadde turboen inne og gjorde ein ærleg og skikkeleg rock and roll-konsert. Bandet har selt snart 60 000 plater dei siste åra og burde vere attraktivt. Dette var siste gjennomkøyring før den store avskjedskonserten på Rockefeller. Fridtjof Nilsen, Jarle Bernhoft, Fredrik Wallumrød og Kim Nordbæk legg ned Span, eit veldig kompetent og hardt arbeidande band. Men det spørs om Span har særpreg nok til å bli hugsa særleg lenge så dei kan få plass ved sidan av Dum Dum Boys og dei andre store norske i musikkleksikonet.