Kran ramla ned på Fugleskjærskaia

GJEKK I BAKKEN: Krana på containerskipet "Rumba" gjekk i bakken med eit smell laurdag kveld.

GJEKK I BAKKEN: Krana på containerskipet "Rumba" gjekk i bakken med eit smell laurdag kveld. Foto:

FLORØ: Kranføraren flydd til Haukeland sjukehus med mogleg augeskade

DEL

Politiet fekk melding om at ein kran på Fugleskjærskaia hadde falt ned klokka 17.26. Firdaposten fekk melding om lag samtidig.

Operasjonsleiar Morten Rebnord på operasjonssentralen stadfesta på telefonen at det var snakk om ein arbeidsulykke. Ein kran var falt ned frå ein båt, og naudetatane blei sendt til staden. Firdaposten drog også til staden, og kunne observere at både legevakt, ambulansehelikopter, politi og brannvesen var på plass. Brannvesenet både med bil og båt.

Flydd til Haukeland

Krana som falt ned høyrer til containerskipet «Rumba», og har ein vekt på 20 tonn ifølge politiet.

Skipet er registrert i Gibraltar, er 132 meter langt, og er frå 2003. Det la til ved Fugleskjærskaia laurdag ettermiddag. Det er Myklebust Management som har driftsansvaret for skipet. Dei har ikkje svart på Firdaposten sine meldingar laurdag kveld.

Vitne på staden seier til Firdaposten at kranføraren kom seg ned frå krana for eiga maskin etter ulykka, men at han hadde eit kutt i hovudet. Han blei undersøkt av lege, og skal ifølge første skademelding frå politiet på Twitter ikkje vere alvorleg skadd.

Han blei likevel flydd til Haukeland sjukehus med luftambulansen.

– Legen meinte først at alt var greitt med kranføraren, men ved nærmare undersøking fann legen ut at han mogeleg hadde fått ein augeskade, seier Rebnord.

Englevakt

Kranføraren er ein mann i 50-åra.

– Fyren hadde englevakt, han kom seg ned frå krana, fillerista men i live, seier lege Ronny Cassels som var på ulykkesstaden til Firdaposten. Det same seier Morten Rebnord seinare til Bergens Tidende.

– At han kom frå dette med kutt i hovudet, er flaks. Det ser dramatisk ut på bilda.

Ulykka skjedde i samband med lossing av container frå skip. Kranføraren var nesten ferdig med lossinga av skipet då kranarmen losna og falt ned på skipsdekket og vidare ned på kaia. Det er i den forbindelse at krankablane slo tilbake, trefte kranhytta, og med det forårsaka skadane på mannen. Ingen andre personar er skadd.

Politiet vil no avhøyre vitne og kartlegge hendinga.

Det vart først melde om materielle skader på både skipet og kaia, men seinare på kvelden opplyser politiet om at det ikkje skal vere synlege skader på sjølve kaia.


Artikkeltags