No kan du gje panten din til friidrettsbarna

PANTESTØTTE: Ved eit tastetrykk på panteautomaten på Amfi kan du sørge for at Pernille Hessvik Holme (11, med flaska) og dei andre som driv med friidrett i Florø får eit betre tilbod. Bak f.v.: Patma Willis (13), Mira Willis (15), Naren Wilis (11), Nea Willis (8), Frida Husefest Nygård (11), Erlend Grytten Sunnarvik (11) og Lovise Bloch Helmers (14).

PANTESTØTTE: Ved eit tastetrykk på panteautomaten på Amfi kan du sørge for at Pernille Hessvik Holme (11, med flaska) og dei andre som driv med friidrett i Florø får eit betre tilbod. Bak f.v.: Patma Willis (13), Mira Willis (15), Naren Wilis (11), Nea Willis (8), Frida Husefest Nygård (11), Erlend Grytten Sunnarvik (11) og Lovise Bloch Helmers (14). Foto:

FLORØ: No kan du gje panten din til friidretten.

DEL

Frå og med i dag onsdag kan du donere panten din til FTIF. Det kan du gjere i panteautomaten ved Rema 1000 på Amfisenteret, fortel leiar Tone Strømmen i friidrettsgruppa. Det er Rema 1000 som har lagt til rette for at dette re mogleg.

– Panten som blir donert til FTIF går uavkorta til å gje barna her i Florø eit betre friidretts- og allidrettstilbod, strekar ho under.

Allidrett er tilbodet for barn mellom 5 og 8 år, der dei får prøve både friidrett, fotball, handball og volleyball i FTIF-regi. Frå barna er 9 år og oppover, kan dei gå over i friidrettsgruppa.

– Pengane går direkte til barna, anten i form av betre utstyr, betre fasiliteter, og til å reise på stemne. Og pengane går lokalt til Florø, det skal ikkje innom ein sentral organisasjon og fordelast utover: Pengane blir her. Og kven veit, kanskje det kan bidra til at vi får den neste friidrettsstjerna, spør Strømmen få dagar etter at VM i Doha er over.

Dei fleste som var med på «opninga» av panteautomaten på Amfi onsdag har følgt med på VM. Men favorittutøvarane er dei ikkje samde om. Frida Husefest Nygård (11) held ein knapp på Jakob Ingebrigtsen. Pernille Hessvik Holme (11) vil derimot bli like god som Karsten Warholm.

– Men eg skal ikkje bli hekkeløpar då, eg likar best høgde og lengde. Men eg skal bli like god som Warholm er, strekar Pernille under.

Og om du lurar på korleis du gjer panten til FTIF; når du er ferdig med å legge flaskene på bandet, trykker du «doner»-knappen. Deretter trykker du på logoen til FTIF.

Artikkeltags