FTIF stengde årsmøtet

STENGD: Her på Klubbhuset var det årsmøte torsdag kveld, men Firdaposten fekk ikkje vere til stades.

STENGD: Her på Klubbhuset var det årsmøte torsdag kveld, men Firdaposten fekk ikkje vere til stades. Foto:

FLORØ: Torsdag kveld kalla FTIF inn til ekstraordinært årsmøte for å avgjere om dei vil gi pengar til storhallen. Utan media til stades.

DEL

Det har vore knytt stor spenning til korleis Florø Turn og Idrettsforening vil disponere gevinsten dei sit igjen med etter salet av Florø Idrettssenter. Torsdag kveld var det kalla inn til ekstraordinært årsmøte der dei, i tillegg til å velje ny formann, skulle avgjere om, eller kor mykje, dei vil gi til Idrettsløftet og den nye storhallen. Sidan dette må seiast å ha ein viss offentleg interesse valde Firdaposten å møte på årsmøtet, men vi blei vist døra.

– Dette er eit lukka møte. Her må folk kunne diskutere ope, utan pressa til stades, sa fungerande formann Rune Holme.

Dermed må vi vente på at FTIF får sendt ut ei pressemelding før vi kan fortelje kva resultatet av kveldens møte i Klubbhuset kjem fram til.

Norges Idrettsforbund skriv i sine lovnormer at det er opp til dei lokale laga om dei vil ha opne eller lukka møte.

«Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til å vere til stades, eventuelt vedta at årsmøtet berre er ope for medlemmer», står det i lovnorma.

Det er likevel svært sjeldan at idrettslag stenger årsmøta sine.

Artikkeltags