Gå til sidens hovedinnhold

Fryktar ikkje rekrutterings-problem for Solar 2

Artikkelen er over 14 år gammel

ÅRDAL/SVELGEN: Då Årdal Utvikling inviterte potensielle jobbsøkjarar til informasjonsmøte om Norsun si solcellesatsing i Årdal, møtte det 400 personar frå heile landet. Slik vil det også bli i Svelgen, om Elkem berre tør å satse, spår Terje Laberg.

Laberg har stått sentralt i omstillingsarbeidet i Årdal, som leiar for selskapa Årdal Utvikling og Årdal Framtid. Eit to års samanhengande rekrutteringsarbeid har bore frukter. Oppstartsrekrutteringa til dørfabrikken Dooria har gått på skinner. Produksjonsarbeidskraft og støttefunksjonar er på plass, og tre månaders opplæring er snart i mål for brorparten av dei. Dermed er Dooria klare til å starte dørproduksjon i august-september i år.

Frå heile landet

Parallelt med Dooria skjer det også ei solcelle-etablering i industrikommunen. Norsun-fabrikken er påbyrja, og då verksemda i vinter gjekk ut for å sondere marknaden når det gjaldt arbeidskraft, blei Laberg positivt overraska.

-Vi gjennomførte to informasjonsmøte i Årdal, der det til saman møtte over 400 som var interesserte i nytt arbeid og nye utfordringar. Og langt frå alle var årdølar. Her kom folk frå Lærdal, Sogndal, Førde, Aurland, kommunane i Valdres og frå andre stader i landet, fortel Laberg.

Dermed ser det ut til at ein lukkast med å rekruttere til ny industrireising, utan at ein tømmer Hydro-verksemdene for arbeidskraft og kompetanse.

Laberg meiner dette provar at sjølv i tider der arbeidskraft er ein knappheitsfaktor, let det seg gjere å skaffe dels store mengder arbeidskraft, også til små fråflyttingskommunar.

Inviterer svelgarane

-Det handlar om å tilby spennande og framtidsretta arbeidsplassar. Klarar ein det, så kjem folk. Det er årdalsprosjekta eit klart bevis på, og eg ser ein klar parallell til det Svelgen no prøver å få til. Elkem kan kanskje finne argument for å satse andre plassar enn i Svelgen, men argumentet om at ein ikkje vil klare å skaffe folk, trur eg ikkje på, slår Terje Laberg fast.

Og han opnar døra for svelgarane når det gjeld å studere «årdalsmodellen».

-Vi har hausta både positive og negative erfaringar i omstillingsarbeidet. Desse deler vi gjerne om representantar frå Svelgen har lyst til å komme på besøk, seier han.

«Det handlar om å tilby spennande og framtidsretta arbeidsplassar. Klarar ein det, så kjem folk sjølv til små fråflyttingskommunar.»

Terje Laberg, Årdal Utvikling