Gå til sidens hovedinnhold

Fryktar for bankgåvene

Artikkelen er over 15 år gammel

SVELGEN: Ordførar Kåre Olav Svarstad fryktar Sparebanken Sogn og Fjordane sine avdelingskutt fører til færre kundar i Bremanger, noko som igjen gjer at dei kuttar på pengegåvene til frivillige lag og organisasjonar.

– Sparebanken Sogn og Fjordane deler ut ganske mykje pengar til mange frivillige og speler ei viktig rolle. I tillegg er dei mykje med på sponsorakivitet. No fryktar eg for den lokale støtta, seier Svarstad.

– Betyr mykje

– Vil du åtvare innbyggarar i Bremanger mot å skifte bank?

– Eg personleg har tenkt på det argumentet sjølv. For eg veit gjennom mitt arbeid i idrettslag og skulemusikk kor mykje det betyr. Så eg har tenkt på det, ja, når eg framleis er kunde i banken, svarer han.

– Kvifor trur du støtta kan forsvinne?

– Det ser ut til at det er botnlinja som bestemmer, og kundegrunnlaget har sikkert mykje å bety når dei deler ut stønad til frivillige lag og organisasjonar. Oppfattar folk det slik at servicetilbodet vert forverra, kan banken misse kundar, slik dei gjorde under den saka med fryseriet i fjor, og endå fleire truga med å skifte bank, legg han til.

Reaksjonar

Det er særleg innskrenkingane ved avdelingskontoret i Kalvåg som har fått mange til å reagere. No er det tradisjonsrike kontoret som eingong var hovudkontor i kommunen, berre ope ein dag i veka. Skal du elles ha hjelp i Kalvåg, må du avtale tid på førehand, noko som mellom anna har fått fleire i næringslivet til å reagere.

– Eg forstår godt at folk reagerer når eit tilbod vert redusert. Men eg har sagt at banken må få ein sjanse, men at banken også må kunne revurdere eit tiltak. Det er viktig at næringslivet og dei eldre får utført dei tenestene dei skal. Dette må banken finne ei løysing på. Får du ikkje utført dei tenestene du ønskjer, vil det bli misnøye, seier han.

Nedgang

– Forstår du at banken gjer som dei gjer?

– Dei argumenterer med nedgang i bruken, og det er det vanskeleg å argumentere mot, og både i Svelgen og på Hauge er det allereie reduserte opningstider.

– Var det slik du trudde det ville bli då dei to lokale sunnfjordsbankane fusjonerte?

– Det er klart at Sparebanken Flora-Bremanger var meir vår bank, men det er ikkje sikkert at bruken hadde vorte noko annleis. Sjølv hugsar eg ikkje når eg sist var i banken. Eg gjer alt heime frå maskina. Men eg ser klart at næringslivet og eldre spesielt har eit problem, svarer han.

– Trur du banken no vil møte auke konkurranse frå andre?

– Det er klart at alt som har med reduksjonar og nedlegging å gjere er trist. Kanskje Posten kan verte ein konkurrent? Dei har jo banken med seg heim på kjøkenbordet ditt om du vil, svarer han.