Gå til sidens hovedinnhold

Fryktar bustadmangel i Svelgen

Artikkelen er over 13 år gammel

Svelgen ønskjer vekst og utvikling. Men kvar skal eventuelle nye svelgarar bu?

Svelgen Næringsråd er bekymra fordi Bremanger kommune ser ut til å ha lita evne til å busetje nye arbeidstakarar i smelteverksbygda.

Dei viser til at det våren 2007 vart vedteke i kommunestyret å utgreie spørsmålet kring bustadfelt, og løyvd midlar til dette. I følgje vedtaket skulle denne utredninga ha vore klar innan utgangen av 2007.

Men så langt meiner Svelgen Næringsråd at Bremanger kommune har ikkje følgt opp denne saka. Leiar Nils Jørgen Sagebø i Svelgen Næringsråd forventar handling og tilbakemelding, og han legg ikkje skjul på at det hastar.