Frp vil ha kraftlinja gjennom Svelgen

Jostein Kvalsvik

Jostein Kvalsvik Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Frp ønskjer som einaste parti å få lagt KV 420-linja mellom Ørskog og Fardal gjennom Svelgen.

DEL

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane handsama i førre veke saka om trasévalg for KV 420-kraftlinja.

I høyringsuttalen frå mellom andre Bremanger kommune er der forslag om kryssing av Nordfjorden ved Otteren, slik at linja blir ført via Svelgen, med trafostasjon der.

- Dette vil kunne sikre Elkem Bremanger direkte tilgang til denne linja, og dermed ville bedrifta i framtida ha sikker tilgang på straum. Ei annan fordel er at denne linja då vil ligge strategisk for framtidige tilknyttingar for eventuell vindkraft frå vindmølleparkar ved kysten av Bremanger, seier fylkesutvalsmedlem Jostein Kvalsvik i Sogn og Fjordane Frp.

Frp fremja forslag om dette i fylkesutvalget, men fekk ikkje støtte frå dei andre partia.

- Det er sterkt beklageleg at ein ikkje nyttar ein slik mulegheit for å prøve å sikre Svelgen-samfunnet sikker tilgang til straum, slik at Elkem vert sikra som framtidig arbeidsplass i denne regionen, seier Kvalsvik.

Artikkeltags