Snart oktober, framleis shorts-ver!

Vi har snart nådd oktober i kalendaren, men temperaturane held seg på sommarsnivå, både i lufta og i sjøen. Dermed kan du, om du er litt tøff, setje av tid til bading i helga.

Vi har snart nådd oktober i kalendaren, men temperaturane held seg på sommarsnivå, både i lufta og i sjøen. Dermed kan du, om du er litt tøff, setje av tid til bading i helga. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Det går mot nok ei forsinka sommarshelg på kysten av fylket.

DEL

Sommaren forsov seg i 2017, men trøysta er at det milde og gode haustveret held seg. Etter at det har regna frå seg fredag og natt til laurdag, melder meteorologane ei ny, super godvershelg både i Bremanger og i Flora  - med temperaturar godt over snittet for slutten av september månad.

Om meldingane slår til, kan det bli mellom 15 og 17 grader i skuggen i helga, sol og nærast skyfritt - og i sjøen er det ikkje kaldare enn at dei tøffaste (les: ungane), framleis kan ta seg eit bad.

Ifølgje yr.no vil godveret halde seg, med austleg bris, god varme og delvis lettskya og sol i alle fall til og med onsdag neste veke.

Artikkeltags