Fri flyt i Sunnfjord

Førdeordførar Nils Gjerland, Naustdalsordførar Håkon Myrvang og Floraordførar Bente Frøyen Steindal har aldri vore så nære kvarandre som no ettert at bommen på Svarthumle er fjerna. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Førdeordførar Nils Gjerland, Naustdalsordførar Håkon Myrvang og Floraordførar Bente Frøyen Steindal har aldri vore så nære kvarandre som no ettert at bommen på Svarthumle er fjerna. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Artikkelen er over 8 år gammel

FLORØ: Det var stor glede blant ordførarane i Flora, Naustdal og Førde då bommen på RV5 vart stengt laurdag.

DEL

Det var Kjell Opseth som var samferdsleminister den gongen Naustdalstunnelen og bompengestasjonen på Svarthuimle vart opna. Han var også den som heva bommen for siste gong og erklærte "fri flyt" mellom Flora og Førde.

Det var mange frammøtte, men akkurat då den siste billetten skulle seljast var det ingen bilar å sjå. Dei venta truleg på gratisturen. Men Førdeordførar Nils Gjerland var snau og fekk henta bilen sin og fekk ein historisk kvittering med seg heim igjen.

Floraordførar Bente Frøyen Steindal ønskte alle frammøtte velkomen ut til Florø, og gav ordførarane i Naustdal og Førde jubileumsboka «Ein dag i Flora» i gåve.

Og klokka 12.00 var det slutt på bompengane mellom Sunnfjordbyane. Då hadde den vesle bua på Florasida av tunnelen krevd inn 250 millionar kroner over 14 år, åtte månader og fem dagar.

6.3 millionar bilar har passert bommen på denne tida.

Artikkeltags