Lar Stortinget avgjere kommunegrensene

DJUVIK: Djuvik seier kommunegrenser ikkje handlar om fridom. Arkivfoto: Dag N. Frøyen

DJUVIK: Djuvik seier kommunegrenser ikkje handlar om fridom. Arkivfoto: Dag N. Frøyen

Artikkelen er over 2 år gammel

– Fridomsomgrepet skal gjelde for menneske, ikkje for kommunegrenser, sa Frank Willy Djuvik på talarstolen til Frp sitt landsmøte.

DEL

Fremskrittspartiets landsmøte:Under landsmøtet på Gardermoen i helga skal Framstegspartiet vedta nytt partiprogram. Eit av dei største diskusjonstemaa var om kommunesamanslåing skal skje frivillig. 129 av landsmøtedelegata stemte for programkomiteens forslag om tvang, medan 96 stemte for frivillighet. I debatten om temaet var gruppeleiar i Sogn og Fjordane, Frank Willy Djuvik, svært klart i sin tale. Han meiner at Stortinget skal vedta kvar kommunegrensene går.

– Vi må vedta ein moderne og hensiktsmessig kommunestruktur som tek vare på god tenesteyting og effektiv bruk av ressursar. Eg er oppteken av fridom for enkeltmennesket, men dei institusjonelle forvaltningsgrensene kan ikkje ha same fridommen. Grensar og konstruksjonar skal jo ikkje ha ein eigen fridom, og i alle fall ikkje så lenge det går utover fridommen og rettane til innbyggarane, sa Djuvik.

Han meiner at det er Stortingets rett å avgjere kvar kommunegrensene går sidan dei kvart år løyver kring 160 milliardar til kommunane og fylkeskommunane-

– Då må Stortinget forsikre seg om at desse pengane går til tenester, og ikkje ordførarlønningar og flest mogleg rådhus, sa han.

Han trakk samstundes fram at norske kommunar har ansvar for å forvalte over 70 særlover, samstundes som berre ein tredjedel av norges 420 kommunar har eigen juridisk kompetanse tilsett for å sikre at innbyggarane sin rettstryggleik og rettar vert tatt vare på.

– Fridom gjeld ikkje kommunegrensene. Vi må slutte å kopiere Senterpartiet sin politikk, sa Frank Willy Djuvik.

Det kjem etter at Senterpartiet, med sitt klare nei mot tvang, har gått fram på meiningsmålingane. Frp frå dei nordlege delane av landet har fronta frivillig kommunesamanslåing i kommande stortingsperiode. Djuvik meiner det handlar om panikk av at Senterpartiet framgang, og presiserte at han meiner Senterpartiet går til val på å reversere Norge.

– Senterpartiet er meir opptekne av å halde på taburettane og høge ordførar- og rådmannslønningar, enn å ta vare på rettar og behov i åra som kjem, hevdar han.

Artikkeltags