Gå til sidens hovedinnhold

Frekke tjuvar stal julegåver

Artikkelen er over 15 år gammel

SVELGEN: Edvin Follevåg vart fråstolen ein pose med julegåver frå familien i Askvoll då han skulle legge bagasjen i oppbevaring på Firda Billag i Florø tysdag.

– Dette er simpelt tjuveri, så frekt at det er heilt utruleg, seier han.

Tysdag føremiddag rundt klokka 12 kom Follevåg med ekspressbåten frå Askvoll, der han hadde vore og besøkt familien sin og fått med seg ein stor pose med fleire gåver i, mellom anna ei bursdagsgåve til ei lita jente i Svelgen.

Då han kom til Florø, gjekk han opp til Firda Billag for å plassere bagasjen og presangane i ein oppbevaringsboks.

– Men eg fann ikkje ein tiar til boksen, så eg sette frå meg bagasjen inne på venterommet og gjekk ut forbi. Der kunne eg halde auge med tinga mine gjennom vindauget. Eg tok fram lommeboka og leita etter ein tiar, og medan eg såg ned, forsvann frekke tjuvar med posen som inneheldt julegåvene, fortel Follevåg, som kallar hendinga eit simpelt tjuveri.

Han gjekk så inn i bygget for å sjå etter tjuvane, sidan det ikkje hadde gått nokon ut hovuddøra der han sto.

Inne møtte han ein bussjåfør, som fortalte om trappa og bakdøra som går ut ved Prix-butikken.

– Vi gjekk opp dit saman, og der såg eg badekåpa som låg i gåveposen ligge slengt på bakken, saman med ruteheftet og avisa mi. Hadde eg sett dei frekke tjuvane, så skulle eg ha sprunge etter dei, seier han.

Han fortel at det ikkje er store verdiar det er snakk om, men synst det er irriterande at slikt kan skje.

– Ein av tinga som låg i nettet, var ein fin, handsydd duk som den 87 år gamle mor mi har laga til ei lita jente her i Svelgen. Jenta har bursdag i januar. Så viss nokon finn ein liten kvit duk med rose på, sydd i plattsaum og med litt blått i seg, så er det veldig fint om dei kan levere den til politiet eller til Firdaposten. Då kan dei få godt samvit til jul, oppfordrar han.

I tillegg var fleire av gåvene handlaga ting som er vanskelege å få tak i, mellom anna ei rosemåla tine.

Follevåg har allereie snakka med forsikringsselskapet og skal melde saka til politiet.