Freista Florø med kortreist mat og drikke

Synnøve Vik Bergstad og mora stilte med produkt frå Fjordane Gardspresseri på Bondens marked.

Synnøve Vik Bergstad og mora stilte med produkt frå Fjordane Gardspresseri på Bondens marked. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Trass i ruskevêr stod seks lokale matprodusentar på stand laurdag, og kunne freiste med heimelaga produkt av både frukt og fe.

DEL

Trass i at dagen byrja med ruskete og surt vêr, stilte bøndene på Torget i Florø laurdag føremiddag. Bondens marked i fylket vert som oftast arrangert i Førde, men i seinare tid har konseptet prøvd å få rotfeste også i dei ytterlegare strøka av fylket. På Torget laurdag stod Kandal Kjøtt, Håjen lefsebakeri frå Naustdal, Midtunet Harald Eriksen, Fjordane Gardpresseri og Påldtun Frukt. Heimelaga varer som sunnfjordslefse, natronkaker, solbær- jordbær og bringebærsyltetøy, spekemat, eplemost og hermetisert frukt var noko bøndene kunne friste med.

- VIktig å vise oss fram

- Bondens marked prøver å etablere seg i Florø, sjølv om vi framleis har Førde som hovudarena. Det er viktig for oss å vise oss fram, seier Bjørn Nygård i Kandal Kjøtt.

Nygård starta sjølv Kandal Kjøtt i 2000. Sjølv om neste generasjon har overteke drifta, er han framleis involvert. Han legg vekt på at hovudbolken av salet går gjennom butikkhyllene, men understrekar framleis viktigheita av Bondens Marked.

- Kandal Kjøtt har vore med på samtlege arrangement - både i Florø og i Førde, sjølv om det er meir sporadisk her ute.

- Bygger relasjonar med kundane

- Det er noko heilt anna å kunne møte kunden, fortelje om produsjonen og tilby dei smaksprøvar. Det får vi ikkje når vi berre leverer til butikkane og kundane plukkar frå butikkhylla. På den måten er Bondens marked ein særs viktig arena for å skape ein relasjon til kunden, seier Nygård.

Å stille på Torget tykkjer han berre er positivt.

- Det er kjekt å kunne prate med folk om det vi driv med og vi har hatt fleire hyggelege samtalar i dag, seier han.

Marknadsføringstokt

Bondens marked vart etablert i 2003, etter inspirasjon frå tilsvarande konsept i mellom anna USA og Storbrittania. Ti år etter etableringa hadde stiftelsen rekordomstening med over 20 prosent auke. i 2013 var omsetninga 52,1 millionar oppimot 41,2 millionar i 2012. Då var ikkje problemet at kundane var fråverande, men at produsentane sjølv ikkje klarte å halde følgje med etterspurnaden.

- Tjener de mykje på å stille på Bondens marked?

- Det er både og. Vi har både utruleg gode dagar og mindre gode dagar. Det er ein viktig del av marknadsføringa av produktet, og til tider har vi veldig gode salgsdagar. Men det er ikkje rå å ha noko forventningar om korleis salet kjem til å gå, seier Nygård.

Dette understrekar Synnøve Vik Bergstad frå Fjordane Gardspresseri som sel heimelaga, naturleg eplemost.

- Det er nærast umogleg å kunne forutsjå kva salgstal ein kan vise til. I dag har det gått litt sakte, men det heng truleg saman med at dagen byrja med regn og sur vind, seier Bergstad når klokka nett har passert tolv.

Marknaden opna klokka halv elleve, men først når vêret letta i tolv-tida byrja florøfolket å trekke til Torget.

- Uansett er det betre enn førre gang vi var her og vi nærast måtte halde fast i teltdukane så dei ikkje skulle fyke vekk med vinden, seier ho muntert.

Bak Bondens marked i Norge står Norsk Landbrukssamvirke, Hanen (tidligere Norsk Bygdeturisme og Gardsmat), OIKOS, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Artikkeltags