Fredssamtalar om Svelgenstripa

Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Neste onsdag blir det fredssamtalar mellom dei eldre og rånarane i Svelgen. Målet er å gravleggje sovetablettane og stridsøksa for godt.

DEL

Svelgen si eiga «Gazastripe»; stripa mellom Elkem Bremanger og Svelgen skule har lenge vore nytta til racingbane av rånarane i Svelgen. Det til stor frustrasjon for eldre og sjuke som bur i Svelgen sentrum.

Etter at Firdaposten skreiv om saka førre veke, har rånarane sjølv teke kontakt med Svelgen pensjonistlag. Det seier pensjonistlagsleiar Anne Lise Gilleshammer.

– Ein av bilgutane ringde meg og sa han ville prate med oss om problemet. Han og sju til åtte andre har no gått med på å møte oss, seier Gilleshammer.

I avisa etterlyste ho nemleg eit møte mellom pensjonistar og eldre.

Fredssamtalane skal finne stad på Keipenstova onsdag klokka fem. Men det ligg ikkje an til å bli dei hardaste fredsforhandlingane.

– Då vil vi servere gløgg og peparkaker og prate litt slik at vi kan forstå kvarandre, seier Gilleshammer.

Det er ifølgje Gilleshammer ikkje avklart om politiet skal vere til stades på møtet. Dei skal på julesamling i Kalvåg.

Artikkeltags