Einaste i fylkestinget som ikkje ville erklære klimakrise. – Berre symbolpolitikk

I FYLKESTINGET: Frank Willy Djuvik.

I FYLKESTINGET: Frank Willy Djuvik. Foto:

FOEN: Frank Willy Djuvik (Frp) meiner det ikkje har noko føre seg.

DEL

Då fylkestinget skulle stemme over om dei skulle bli det niande fylket i Norge som erklære klimakrise, var det berre Frank Willy Djuvik (Frp) frå Florø som stemte imot. I innstillinga frå fylkesrådmannen heiter det at klimakrisa er reell, og at vi er nøydde til å ta inn over oss alvoret. Det er også meint at erkjenninga i fylkestinget må bidra til å setje opp farta i klimaomstillingsarbeidet.

– Problemet er at det ikkje er nokon samanheng, seier Frank Willy Djuvik til NRK Sogn og Fjordane. Ei oversikt frå NRK viser at dei 24 kommunane som inntil i sommar hadde erklært klimakrise, ikkje kunne vise til eit einaste konkret klimatiltak som følge av erklæringa.

– Dette viser at dette berre er symbolpolitikk. Det vi treng er utvikling, teknologi og forsking. Frykt er det motsette, legg han til.

Artikkeltags