Ny leiar i Framtidsfylket

Linda Hovland (t.h.) tar over etter Gro Rukan (t.v.).

Linda Hovland (t.h.) tar over etter Gro Rukan (t.v.). Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Linda Hovland er tilsett som ny dagleg leiar i Framtidsfylket.

DEL

– Å få mulegheiten til å jobbe for heile fylket og marknadsføre det spennande næringslivet vi har i Sogn og Fjordane, er eit ærefullt oppdrag, seier den påtroppande leiaren.

Hovland er frå Dale i Sunnfjord og har dei seinare åra jobba i HAFS Utvikling og Fjaler Næringsutvikling. Før det var ho i Selja Forlag og har også erfaring som dagleg leiar i to bokbutikkar i Dale og Bergen. I tillegg er ho sterkt engasjert i lokalsamfunnet, mellom anna i idrettslaget og med eigen revy.

Styreleiar i Framtidsfylket, Leon Bakkebø, er svært nøgd med valet styret har gjort.

– Linda har eit breitt nettverk og kjenner godt til næringsliv, næringsstrukturar, utviklingsarbeid og organisasjonar i Sogn og Fjordane. Ho har god erfaring med forretningsutvikling i ulike bransjar, noko som vil vere ei nyttig erfaring å ta med seg til jobben i Framtidsfylket, seier Bakkebø.

Ho tek over jobben etter Gro Rukan frå Eikefjord, som har sitte i stillinga sidan januar 2013.

– Linda er engasjert, energisk og uredd for utfordringar. Og ikkje minst, ho har ambisjonar og visjonar for Framtidsfylket AS. Vi er sikre på at Linda vil vidareføre det gode arbeidet som er blitt gjort i selskapet til no, og at ho vil løfte selskapet vidare, seier Bakkebø.

Hovland vil starte i jobben 1. februar.

– Eg er svært audmjuk for alt ein har fått til i Framtidsfylket, og eg gledar meg til å vere med å utvikle det vidare. Eg ser så mange mulegheiter. Digitaliseringa vil slå inn over fylket som overalt elles, det vil komme endringar i korleis ein rekrutterer, så det vil krevje at vi heng med i svingane. I tillegg står eit nytt vestlandsfylke på trappene, og det vil opne for mange mulegheiter for eit selskap som Framtidsfylket. Det er utan tvil eit oppdrag eg ser fram til, seier Hovland.

- Eg er klar for nye oppdrag

Gro Rukan har ikkje noko fast å gå til når ho sluttar i Framtidsfylket.

- Det er ikkje noko spesielt anna eg skal til med. Eg er klar for nye opppdrag, om det dukkar opp noko spennande!

Rukan har solid erfaring frå fleire ulike bransjar og saksfelt.

- No har eg både leiarerfaring og prosjekterfaring, og kjennskap til ulike bransjer. I botnen har eg ein bakgrunn frå havbruksnæringa, som eg framleis brenner for, seier Rukan til Firdaposten.

- Eg er veldig open minded i forhold til nye moglegheiter når eg no ser meg rundt. Eg trur eg kan bidra positivt på mange område, seier ho.

Stolt av næringslivet

Rukan fortel at det har vore både travelt og gøy å leie Framtidsfylket.

- Det er ein veldig viktig jobb, og eg er stolt av fylket og næringslivet som har stått bak og satsa på dette prosjektet. Eg er også stolt av at eg har fått vere med på denne suksessen, seier ho.

Samstundes legg ho ikkje skjul på at det har vore ein krevjande jobb.

- Det ligg mykje hardt arbeid bak Framtidsfylket, og lite nattesømn i periodar. Ein må både vere sta, ha energien, og nok guts og drive til å få fellesskapet til å dra i same retning. Til dømes når det gjeld å få alle med på karrieremessene i Bergen, Oslo og Trondheim.

Så no følte ho rett og slett at det var på tide å gi stafettpinnen vidare.

- Endring er positivt, og alle har si eiga vinkling å bidra med inn i ein slik jobb. Eg er veldig nøgd med at Linda Hovland har fått jobben, ho kjenner næringslivet i fylket, og har erfaring innan næringsutvikling. Ho kan føre mykje bra med seg for Framtudsfylket, trur Rukan.

Suksessprogram

I år er det 13. året Framtidsfylket arrangerer karrieremesser, og det er det 15. året med traineeprogrammet.

Det starta i 2004 med fire selskap; Domstein, Alexandra hotell, SFE og Sparebanken Sogn og Fjordane.

Deretter har det vore bygd stein på stein, og i årets kull er det 27 traineear. Dette er no det største regionale, tverrfaglege traineeprogrammet i Norge.

Neste år er det 25 stillingar, og då er også kommunane med for første gong.

- Gloppen kommune er med, i tillegg skal Sogn regionråd adminstrere to stillingar for kommunane der. Vi har jobba ein del med å få med kommunr i programmet. Det er mange spennande jobbar i offentleg sektor, påpeikar Rukan.

Artikkeltags