Arne Birkeland ny styreleiar i Fram Flora

Konsernsjef Arne Birkeland i Westcon Group.

Konsernsjef Arne Birkeland i Westcon Group. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Konsernsjef Arne Birkeland i Westcon Group er valt til ny styreleiar i næringsutviklingsselskapet Fram Flora AS. Det skjedde på generalforsamlinga i Fram Flora 8. juni, skriv Fram Flora i ei pressemelding. Arne Birkeland avløyser Gustav Johan Nydal, som har hatt vervet som styreleiar dei tre siste åra.

– Fram Flora ønsker å ha, og har, eit større geografisk nedslagsfelt enn Flora kommune. Arne Birkeland er ein høgt profilert næringslivsaktør med solid erfaring som kan sjå oss meir utanfrå. Vi synest at det er bra at han finn det interessant å jobbe med næringslivsutvikling i vår region, seier Lone Bareksten, dagleg leiar i Fram Flora AS.

Westcon Group er eit industrikonsern med røter attende til 1963. Westcon har hovudkontor og verftsanlegg i Ølensvåg ved Haugesund. I 1994 gjekk Westcon inn i marknaden for service og modifikasjonar på oljeriggar og er i dag ein av dei leiande norske aktørane på dette området. Dagens Westcon Group omfattar fire verft og ei rekke andre selskap. Mellom desse er Westcon Yards Florø, skipsverftet i Florø som Westcon kjøpte ved årsskiftet 2012/2013.

Viktig å delta i næringsutvikling

Arne Birkeland har vore konsernsjef i Westcon sidan 2013.

– Fram Flora er for meg ein viktig del av regional næringsutvikling der Westcon har valt å satse. Vi ser det som viktig å delta i eit slikt arbeid. Det gjer vi også gjennom aktiv deltaking i tilsvarande organisasjonar rundt aktiviteten vår i Sunnhordland og Haugalandet, seier han.

Konsernsjefen i Westcon meiner at potensialet for Fram Flora er godt. Fram Flora arbeider i ein spennande region med gryande muligheiter innan sjø og land, og med eit variert næringsliv og kompetansegrunnlag. – Eg trur at noko av det eg kan bidra med er ein passeleg dose med utolmod saman med nærare 20 års erfaring som bedriftsleiar. Det at eg ikkje bur i regionen, gjer nok også at eg kan sjå på operasjon og muligheiter frå ein noko annan vinkel. Saman med Fram Flora-teamet og resten av styret bør det vere ein bra kombinasjon, og eg gleder meg til å ta fatt, seier Arne Birkeland.

Mange spennande prosjekt

Gustav Johan Nydal oppsummerer at Fram Flora har utvikla seg svært positivt i løpet av dei åra han har vore styreleiar.

– Vi har auka aktiviteten, flytta i nye lokale, fått etablert gode strukturar og fått eit veldig godt team med allsidig kompetanse. Fram Flora har jobba og jobbar framleis med mange spennande prosjekt. Eg ser fram til å arbeide saman med Fram Flora i åra framover både som rådgjevar og med eigne prosjekt gjennom Polarny Maritime, der eg er tilsett, seier Gustav Johan Nydal.

Flora-ordførar Ola Teigen kom inn som ny styremedlem i Fram Flora AS etter tidlegare ordførar Bengt Solheim-Olsen. Oddvar Aarberg frå Engie tok attval som styremedlem. Dei tre andre i styret er Harald Ynnesdal frå Saga Fjordbase (nestleiar), Benedikt Henriksen frå Statoil og Bjørn Hollevik frå Flora Industri- og Næringsforening.

Artikkeltags