Marte (20) jobbar hardt for å nå sitt høgste ønske

Marte Kittang (20) frå Florø jobbar målbevisst om å oppfylle sitt ønske om å verte motefotograf. I desse dagar held ho på med eksamensoppgåva i motefotografi ved Fotofagskolen.

Marte Kittang (20) frå Florø jobbar målbevisst om å oppfylle sitt ønske om å verte motefotograf. I desse dagar held ho på med eksamensoppgåva i motefotografi ved Fotofagskolen. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Marte Kittang frå Florø vil gjerne verte motefotograf. Men nålauget er lite og vegen dit er lang.

DEL

– Det vert mykje foto for tida, seier Marte Kittang til Firda.

For nokre veker sidan var ho heime i Florø for å jobbe med eksamensprosjektet. Ho studerer motefotografi ved Fotofagskolen i Trondheim.

Eksamensoppgåva er å lage ein moteserie på 20 sider. Det må vere eit nytt plagg på kvart bilde.

– Eg har fem veker totalt på dette. Den tida går fort! Det første eg må gjere er å dikte opp ein historie. Deretter må eg finne ein location, det vil seie ein stad å fotografere som gir det vesle ekstra, til dømes ei strand eller ei hytte med personlegdom. Så gjeld det å finne dei rette modellane, kleda og tilbehøyret. Så kan fotograferinga byrje. Til denne oppgåva har eg laga temaet «to jenter på roadtrip», seier Kittang.

– Eg går på butikkane i Florø og låner plagg. Dei får bilde mot at eg får låne. Men det gjeld å ikkje øydelegge dei, då må eg betale sjølv. Det har dessverre skjedd nokre gonger! Det er lett at det kjem søl på ein kjole når ein er ute og fotograferer, seier Kittang.

Nye plagg på kvart bilde

Foto:

– Fotointeressa byrja då eg fekk et lite. Eg fekk rosa digitalkamera då eg gjekk i sjuande klasse. Eg låg på marka og tok bilde av gras. Etter kvart vart eg lei av det og gjekk over til å fotografere folk. Deretter gjekk foto frå å vere ein hobby til at eg ville satse meir på det, seier Kittang.

Norsk Fotofagskole har to linjer, ei for kunstfotografi og ei for fagfotografi. Kittang valde sistnemnde, der ein får innføring i forskjellige øvingar innan kommersiell fotografi. Mote er ein av desse.

– I løpet av vidaregåande måtte ein tenke over kva ein vil gjere i livet. Eg kom til slutt fram til skulen i Trondheim. Du får ingen tittel der, men eg går der jo for å lære, seier Kittang.

Skulen har rundt 90 elevar fordelt over to årskull. For å komme inn må dei gjennom intervju og opptaksprøver.

Kaldt å vere modell

Marte Kittang (20) frå Florø jobbar målbevisst om å oppfylle sitt ønske om å verte motefotograf. I desse dagar held ho på med eksamensoppgåva i motefotografi ved Fotofagskolen.

Marte Kittang (20) frå Florø jobbar målbevisst om å oppfylle sitt ønske om å verte motefotograf. I desse dagar held ho på med eksamensoppgåva i motefotografi ved Fotofagskolen. Foto:

Ein sentral del av motefotograferinga er å få fatt i nokon som kan vere framfor kamera. I Trondheim får studentane låne profesjonelle folk frå modellbyrå.

– Heime finn eg vanlege folk som eg synest har interessante ansikt. Det er ikkje sjeldan eg spør folk på Facebook om dei vil vere modell, men det sit langt inne å stoppe folk på gata her i Florø. Dei fleste vert likevel glade for å bli spurt, dei tek det som eit kompliment. Til denne serien hadde eg eigentleg bestilt modellar frå Bergen, men det gjekk ikkje, seier Kittang.

Ei av dei som stilte opp i staden Martha Linnea Pukallus (18) frå Førde.

– Nokon sa at «Martha er god på bitchface», så då vart eg modell, seier Pukallus.

Ho går på andre året media og kommunikasjon på Hafstad vidaregåande i Førde, og er også med i Firda Ung. Dermed er ho mest å finne bak kameraet.

– I bilda er ein på ein måte ein skodespelar som spelar seg sjølv. Fotografen gir instruksjonar på kva stemninga skal vere, og liknande. Det er til dømes ikkje lett å le på kommando. Men bilda vart bra og det er vel det viktigaste. Minuset er at eg kjem tilbake forkjølt kvar gong, til dømes då vi stilte opp på stranda i badedrakt då det var ti grader ute. Det er kaldt, men moro, seier Pukallus.

Tea Berg frå Øvre Årdal stilte også opp som modell. Ho studerer og bur på Sandane.

– Marte er veldig fin å jobbe med i den forstand at ho gjer situasjonen komfortabel. Ho fortel korleis ho vil ha det, er berre blid, aldri streng og sørga for at vi var komfortable. Det er veldig tydeleg at ho planlegg godt og legg ned mykje arbeid i det ho gjer, seier Berg.

Ordet motefoto vert ofte nemnt i same setning som bildemanipuleringsprogrammet Photoshop. Det er lite av det i bilda til Kittang:

– Kviser forsvinn på dei ferdige bilda. Elles er bilda veldig naturlege, seier Pukallus.

Lang veg å gå

– Det er ein svært vanskeleg marknad, så det er sjølvsagt vanskeleg for meg å hoppe rett ut i ein heiltidsjobb, seier Kittang.

Ho har difor skaffa seg ein dagjobb på eit kommunikasjonsfirma i Bergen. Dessutan tek ho mellom anna bilde i konfirmasjonar og bryllaup. Inntil vidare er det ikkje praktisk for ho å etablere seg lokalt.

– Det burde vere det, det er mange interessante fjes i Sunnfjord. Ein må byrje i det små, men den langsiktige planen er å jobbe i New York. Folk er så vande med å bli fotografert på gata der. Eg har vore der før og vil gjerne reise tilbake.

Artikkeltags