Florøværing blir trenarutviklar i Rogaland

NY JOBB: Her får Florø Fotball og Kristin Bergstøl Hansen diplom som kvalitetsklubb av klubbutviklar Anders Veibust. No er Veibust klar for ny jobb.

NY JOBB: Her får Florø Fotball og Kristin Bergstøl Hansen diplom som kvalitetsklubb av klubbutviklar Anders Veibust. No er Veibust klar for ny jobb. Foto:

FOTBALL: Anders Veibust skiftar beite. Frå hausten av skal han utvikle trenarar for NFF i Rogaland

DEL

I 2017 fekk Anders Veibust jobb som klubbutviklar i Sogn og Fjordane fotballkrins, berre to veker etter å ha levert ein masteroppgåve i idrettsvitskap. No går vegen vidare til Rogaland for 29-åringen. Han har takka ja til ein jobb som trenarutviklar i NFF Rogaland.

– Anders er ein bra type med gode verdiar og stor kompetanse innan organisasjon. Han er opptatt av å få ut det beste av dei rundt seg, både breddeklubb, toppklubb og rettleiarapparat, og kjem til å halde oppe trøkket vårt på Grasrottrenar-kurs og trenarettleiarkurset. Me gler oss til å ha Anders på plass hjå oss, seier dagleg leiar Erik Løland i NFF Rogaland.

Veibust har vore med som instruktør på trenarkurs, trenar på kretslag og kring landslag, samt tidlegare hatt arbeidsoppgåver knytt til trenarutdanning i Sogn og Fjordane i vikariat. I tillegg altså til stillinga som kretsansvarleg klubbutviklar. Han skal byrje i jobben i Rogaland seinast 1.september i år.

– Eg gler meg til oppstarten, nye oppgåver og til å bli kjent med hundrevis av fotballfolk i Rogaland, seier 29-åringen frå Florø.

Artikkeltags