At hjorten særleg vinterstid og på våren søkjer til grøne sletter for å beite seg oppatt etter ein mager vinter, er velkjent. Men i Florø har "beitinga" i år teke ein pussig vending. Gjennom heile vinteren har fleire hjortar søkt til fotballbana ved Likkjeåsen, og dei entrar matta både på kveldstid og om morgonane. Men ikkje på sjølve grasmatta på stadion. Dei ruslar i staden rundt midt ute på kunstrasbana, noko Firdaposten har fått fleire fotobevis på dei siste månadene, blant anna frå banemeister Even Hamn og fleire forbipasserande.

Blir lurt av synet?

Ekspertar på hjort har inga umiddelbar god forklaring på fenomenet.

- Det er vanskeleg å gje noko god forklaring på dette. Dyra kan umogleg finne noko etande der ute. Det som slår meg er at dei kan bli lurt av utsjånaden. Det er trass alt ei stor, opa og grøn slette. Og sjølv om hjorten ikkje ser fargar som oss, så kan det vere at dyra knyter eit slikt område opp mot ein god beiteplass, seier Johan Trygve Solheim ved Norsk hjortesenter på Svanøy.

Den eine av dei prøver seg jamnleg med ball. Men noko stortalent er han ikkje, verken med hovudet eller beina.

Even Hamn, banemeister

 

Banemeister Even Hamn har heller ingen god fasit på kunstgrasinteressa. Men det har gitt han nokre underlege arbeidsøkter dei siste vekene.

- Det er jo litt pussig å gå rundt ute på ei kunstgrasmatte og plukke hjorteskit for å gjere bana klar til bruk. Her om dagen måtte eg jamvel plukke vekk gevirstenger som dyra hadde felt midt ute på kunstgraset.

- Du er jo ein streng banemeister. Kan det hende at hjorten veit at dei får på pukkelen om dei er for harde med  naturgrasmatta, og difor held seg på kunstgraset?

- Ja, det kan jo hende. Det er eigentleg greit om dei held seg på kunstgraset, for min del.

Går for spissplassen?

- Florø fotball slit jo med eit spissproblem om dagen. Kan det vere at dei prøver å tilby hjelp til Rognsø & Co?

- Det er jo sjølvsagt ei mogleg forklaring. Den eine bukken har faktisk prøvd seg med ball eit par gonger, men då hadde eg ikkje kamera for handa. Men noko stortalent var han ikkje, verken med hovudet eller beina.