Klart for futsal-moro i helga

Futsal har blitt ein populær variant av innandørs fotballspeling. Her frå ein KM-kamp mellom Høyang og Hyllestad.

Futsal har blitt ein populær variant av innandørs fotballspeling. Her frå ein KM-kamp mellom Høyang og Hyllestad. Foto:

Av
DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Førstkomande søndag 19. november sparkar det laus med futsal-fotball for gutar og jenter i fem idrettshallar i fylket vårt, Svelgen og Eikefjord inkludert. Det er fotballkrinsen som har den overordna regien, og i tillegg til Svelgen og Eikefjord skal det spelast kampar i Gaupne, Vik og i Askvoll.

Turneringane er for born i alderen 10-14 år, og det skal spelast ytterlegare to turneringar, ein i desember og ein i januar.

Fire ute, ein i mål

- Målet er å setje futsal tydelegare på kartet, og skape eit godt tilbod for dei mange unge og talentfulle spelarane vi har, seier Yngve Håkonsen i Norges Fotballforbund, avdeling Sogn og Fjordane.

På eit futsal-lag er det fire utespelarar pluss keeper. Dette er fotball på sitt mest intense, med høgt tempo, mykje dramatikk og ofte svært så publikumsvenleg.

Ball-premiar

- Turneringane er avsluttande kvar gong, men vi har litt ekstra premiering til lag som deltek i alle tre turneringane vi skal arrangere. Blant desse vil det bli loddtrekning om futsal-ballar, fortel Håkonsen.

I Eikefjord møtest lag frå Førde, Slåtten, Viksdalen, Tambarskjelvar, Høyang og Breimsbygda, forutan arrangørklubben sjølv.

I Svelgen stiller det lag frå desse klubbane: Førde, Heia, Eid, Svelgen, Stryn, Florø, Skavøypoll og Loen.

Den siste av dei tre turneringane går av stabelen 14. januar neste år.

 

 

 

Artikkeltags