Vinn VIP-billettar til Florø sin heimekamp mot Senja på laurdag

SFE OG FIRDAPOSTEN: Vi har 20 billetter til heimekampen mot Senja på laurdag. Svarar du rett på vårt fotballspørsmål kan to av dei bli dine.

SFE OG FIRDAPOSTEN: Vi har 20 billetter til heimekampen mot Senja på laurdag. Svarar du rett på vårt fotballspørsmål kan to av dei bli dine. Foto:

FLORØ: Laurdag spelar Florø sitt PostNord-lag heime mot Senja. Om du kan svare på eitt enkelt fotballspørsmål, kan du vinne VIP-billettar til kampen.

DEL

Om vi ser bort ifrå kampen mot Kjelsås i førre serierunde, har Florø sitt lag i PostNord-ligaen vore på stigande kurs den siste tida. Laurdag ettermiddag får dei sjansen til å vise at tapet mot Kjelsås berre var eit blaff.

På andre sida av banen står Senja, og på tribunen kan du sitte. Gjennom eit samarbeid med SFE sit Firdaposten på 20 VIP-billettar til kampen som vi vil dele ut til fotballinteresserte folk i Florø og omland.

Alt du treng å gjere for å vinne billettar er å svare rett på følgande spørsmål:

«Det er i dag to spelarar i Eliteserien som har spelt for Florø, og kjem frå det som snart blir Kinn kommune. Kva heiter dei to spelarane, og kva klubbar spelar dei for»

Vi skal altså ha namnet på to spelarar og to klubbar. Send svaret ditt til redaksjon@firdaposten.no og merk e-posten med «Heia Florø». Svarar du rett kan du vinne to VIP-billettar!

Artikkeltags