Martin og Per Øyvind vil gjere byen klar til 17. mai

Martin Malkenes og Per Øyvind Helle vil rydde byen til 17.mai. NRK kjem på besøk, og dei får prominente gjestar.

Martin Malkenes og Per Øyvind Helle vil rydde byen til 17.mai. NRK kjem på besøk, og dei får prominente gjestar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Med NRK på laget byr dei inn til ryddedugnad i Florø. Du er hermed utfordra til å bli med.

DEL

Kom mai du skjønne milde. Snart er den her, og tida for å få reinska byen for boss er inne. NRK slår på stortromma og inviterer til ryddedugnad i resten av landet torsdag 3. mai, men i Florø er vi litt i forkant. Her går Martin Malkenes frå MDG og Per Øyvind Helle frå Byen Vår Florø saman og vil ha byen med på rydding dagen før.

– Dette er Florø i front for framtida, seier Per Øyvind Helle.

– Vi er stolte av byen vår, og vil at den skal sjå rein og fin ut til 17. mai, så her må folk vere med og bidra. Ein time av livet til å gjere det pent rundt oss, det må vi kunne klare, seier Martin Malkenes.

Byprosjekt

Initiativet kom opphavleg frå MDG, som inviterte til byryddedag allereie i fjor, utan at oppmøtet var mykje å skrive heim om. Dei hadde tenkt å gjenta suksessen i år, men når NRK kom på bana og ville vere med og gje draghjelp til ein større dugnad var ikkje dei grøne tunge å be.

– Vi hadde planar om ein ryddedag i vår regi laurdagen før, men no gjer vi dette saman med Byen vår Florø og NRK i staden. Det er eit byprosjekt, ikkje eit MDG-prosjekt. Vi veit jo det vi som bur her i byen, at slepp vi bosset vårt på bakken bles det i veg, og hamnar før eller sida i sjøen. Vi må rydde opp før det hamnar der, seier Malkenes.

– Ein kan diskutere klima, miljø og CO₂-utslepp så fillene fyk, men alle ønsker å ha det pent rundt seg, legg Helle til. Han utfordrar no alle byens lag og organisasjonar til å bli med på aksjonen.

– Alle dei som var med på dugnad i Kirkeparken for litt sida må komme no også. Florarevyen, der eg er med, må stille. Martin har allereie utfordra bystyret. Skular, barnehagar og ikkje minst russen må berre komme seg i ryddebossmodus og hive seg på. Vi møtast på torget ved Haffen mellom 20 og 21, og dei som ikkje vil på TV kan ta seg ein tur ut og plukke litt boss i gata der dei bur.

Fiskeriministeren kjem

NRK kjem med båt til byen, og kjem til å sende direkte frå Florø i programmet Norge nå, som går kvar dag på NRK1 mellom 20.25 og 20.55. Besøket i Florø er ein del av ein temaveke der NRK i samband med at det er den nordiske strandryddedagen neste laurdag set søkelyset på problemet med plastforureining. Programleiar Tarjei Strøm ser fram til å komme til byen.

MINISTER: Per Sandberg kjem til Florø for å snakke om plastforureining.

MINISTER: Per Sandberg kjem til Florø for å snakke om plastforureining. Foto:

– Det var på høg tid at vi la turen innom Florø. Vi reiser ned med ein båt, der vi tek nokre prøver av vatnet og forskar litt på vegen. Tysdag kjem vi til Florø, og sidan det er 1. mai har vi fri den dagen, før vi skal sende direkte frå kaia i Florø på onsdag. Etterpå set vi kursen mot Bergen, der vi avsluttar temaveke med sending frå Bryggen.

– Kva står på programmet her i Florø?

– Måndag skal det handle om sjøfugl, som vi mellom anna har sett bygge reir av plastbosset dei finn. I Florø på onsdag kjem vi til å gå under havoverflata og sjå på fisken. Korleis pregar forsøplinga fisken, og ender plasten til slutt opp på middagstallerkenen vår? Vi har med oss eit par forskarar, og så kjem fiskeriminister Per Sandberg til Florø for å vere med. Vi har også invitert Martin Malkenes frå MDG. Eg har forstått det slik at MDG Flora inviterte til ryddedugnad i fjor, og den einaste utanfrå partiet som møtte opp var ei elleve år gammal jente. Ho har vi også tenkt å snakke litt med, og kanskje gjere litt stas på.

Strøm ser gjerne at florøfolket tek turen ned på kaia under sending på onsdag.

– Vi sender direkte frå kaia der båten legg til, og vi vil gjerne ha litt folkeliv rundt oss under sendinga. Det er alltid kjekt med folk!

Artikkeltags