Gå til sidens hovedinnhold

Fortøyingane til flotellet kutta med vilje

Artikkelen er over 13 år gammel

Eigarane vil sette ut vakt ved det flytande hotellet.

I 10-tida laurdag føremiddag fekk politiet melding frå Svelgen om at flotellet hadde slite seg frå fortøyingane.

Politiet var på staden nokre timar seinare, og kunne då konstantere at trossene var kutta over med vilje.

- Det var openbart at dei var kutta, dei hadde ikkje slite seg som følgje av vêret. Tauet var skore av ved fortøyingsbøyene, opplyser operasjonsleiar Einar Vereide i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Gjekk bra

Flotellet, som er eigd av selskapet DD Maritime AS der Allan Dyrstad er dagleg leiar, låg i opplag utanfor eit industriområde mellom Kjelkenes og Eikeland utanfor Svelgen.

- Heldigvis gjekk alt godt. Flotellet er no fortøgd att, og det er ingen skader på det, fortel Dyrstad til Firdaposten.

Flotellet vart slept ut av fjøra og fortøyd att ved hjelp av ein taubåt frå Stadt sjøtransport

- Knivreine

- Trossene hadde så knivreine snitt at vi såg med ein gong at dette ikkje var slitt av, fortel Dyrstad.

- Kven trur du kan ha gjort dette?

- Eg har ikkje den ringaste anelse om kven som kan finne på noko slikt.

- Vil de halde ekstra oppsikt med flotellet no?

Ja, vi har vaktbåt ved flotellet, og vil legge det til med vakt i løpet kort tid.

Tips

Politiet ønskjer no tips frå publikum som kan ha sett noko mistenkeleg i området. Har du sett noko, ring 577 58800