Trudde du «reppen» var historie? Tru om att.

COMEBACK: Repetisjonsøvingar for tidlegare hærsoldatar skal no gjeninnførast. Det gjeld rett nok ikkje denne HV-gjengen, beståande av Stein Inge Dregelid, Nils Tore Karstensen, Sigmund Solheim og Roger Eltvik ved Likkjevatnet for år tilbake, men ein så flott bukett av eit sanitetslag er vel verd ei ny publisering?

COMEBACK: Repetisjonsøvingar for tidlegare hærsoldatar skal no gjeninnførast. Det gjeld rett nok ikkje denne HV-gjengen, beståande av Stein Inge Dregelid, Nils Tore Karstensen, Sigmund Solheim og Roger Eltvik ved Likkjevatnet for år tilbake, men ein så flott bukett av eit sanitetslag er vel verd ei ny publisering? Foto:

Av

Regjeringa tek grep og gjeninnfører repetisjonsøvingar for mannskap i Hæren.

DEL

I år vil Hæren for første gong på mange år kalle inn den aktive reservestyrken sin av vernepliktig mannskap. Desse skal øve i lag med personell som gjer teneste til dagleg.

- Det er ei generell utvikling i dei europeiske landa sine forsvar, som til dømes i Storbritannia, Frankrike, Nederland og Finland, at dei såkalla reservistkonsepta blir aktivtert og vitalisert på nytt, seier stortingsrepresentant Hårek Elvenes (H), som også er Høgre sin forsvarspolitiske talsperson.

Korte fristar

Alt reservepersonell i bataljonane skal etter kvart gjennomføre jamnlege repetisjonsøvingar. Og du kan bli kalla inn på kort varsel; berre i løpet av få dagar. Målet er å gjere Hæren vår meir operativ gjennom heile kalendaråret. Ifølgje Elvenes er dette god ressursutnytting:

– Det vil gi oss meir att for kostnadene med å utdanne soldatar gjennom 12-16 månaders førstegongsteneste. Ved dimmitering er det brukt betydelege beløp på å opparbeide militær kompetanse hos soldatane. No vedlikeheld vi denne kompetansen betre, slik at personellet vil vere verdifulle i mange år, alt etter kva posisjonar dei skal fylle, heiter det i pressemeldinga.

Tøffare tider

Elvenes peikar på at utan reservistar er det ikkje mogleg å utføre alle oppgåvene Forsvaret skal løyse i ein konflikt over tid.

– Den sikkerheitspoliske situasjonen tilseier at konseptuelle tankar i det gamle mobiliseringsforsvaret må tørkast støv av. Kompetansen til å forvalte reservepersonell og gjennomføre repetisjonsøvingar, har dessverre forvitra over tid. Den gjenopprettar vi no, slår han fast.

Artikkeltags