Førsteklassen i Svelgen på bedriftsbesøk

Benjamin Myklebust og Sigurd Nesbø Solvang viser fram de fine nye vestene

Benjamin Myklebust og Sigurd Nesbø Solvang viser fram de fine nye vestene Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

28. januar var Svelgens førsteklassinger på besøk til SerFix i Svelgen, under prosjektet "Besøk ein av foreldra sin arbeidsplass".

DEL

Bjørgulf Myklebust i SerFix er far til førsteklassingen Leif Olav, og i dag var det faren sin arbeidsplass han stolt kunne ta med medelevane på.

– Eg synest det er positivt at skulen tek med seg ungane ut til bedriftene i Svelgen, så dei får sjå meir enn kun dei fire veggane i klasserommet, kunne ein stolt pappa Myklebust fortelje.

– Samtidig får dei impulsar som dei tek med seg vidare i livet. Å bruke ein time på å vise dei rundt og fortelle dei litt om kva vi driv med, ser eg på som ei god investering for framtida. Og så gjev det meg også ei god kjensle, smilar Bjørgulf.

Lærerinna Elisabeth Ruud Nordbotten fortel at "Besøk ein av foreldra sin arbeidsplass" er noko dei har holdt på med i fleire år, og at prosjektet blir positivt moteke både hjå foreldre og born.

Alle fekk nye refleksvestar

Normalt pleier elevane å ha refleksvestar på kvar gong dei skal på tur. Men i dag "gløymde" lærerinna å minne om dei, fordi ho hadde ein løyndom på lur. Nemleg at SerFix ville overrekke kvar og ein av førsteklassingane kvar sin nye refleksvest.

– Det er viktig å tenkje tryggleik, og spesielt for dykk som er så små enno, fortalde Bjørgulf Myklebust medan han delte ut vestane.

Artikkeltags