Foreslår frislepp på eigarskap

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) vil fjerne avgrensingane på kor mykje storkapitalen kan eige av den norske oppdrettsnæringa.

DEL

Fiskeriministeren foreslår å fjerne særreglar som regulerer eigarskap i havbruksnæringa. Dette opnar opp for meir oppkjøp av lokale oppdrettsverksemder.

-Eg vil at oppdrettsnæringa skal ha like gode rammebetingelser som resten av næringslivet. Å fjerne unødvendige særreguleringer betyr forenkling og mindre byråkrati, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Forslaget inneber at det ikkje lenger vil stillast krav om søknad om å kjøpe meir enn 15 prosent eller meir av produksjonskapasiteten i Norge. Forslaget vil lette forvaltninga sine oppgåver med tilsyn og kontroll med kor stor del av produksjonskapasiteten i Norge enkeltselskap har.

Samtidig vil rapporteringsbyrda bli redusert for selskap som er omfatta av dagens regulering. Fiskeriministeren påpeikar at oppdrettsnæringa vil vere omfatta av det same konkurranseregelverket som næringslivet elles.

- Oppdrettsnæringa bør få regulere produksjon og bearbeiding ut frå marknadsmessige omsyn, framfor faste krav som er sett av det offentlege. Dette vil kunne gjøre havbruksnæringa betre rusta i den internasjonale konkurransen på lang sikt, seier fiskeriministeren

Artikkeltags