Stor-Førde får namnet Sunnfjord

Artikkelen er over 2 år gammel

Namnevalet skapar sterke reaksjonar i Florø.

DEL

Kommunalminister Jan Tore Sanner har bestemt at kommunane som slår seg saman til ein kring Førde skal få namnet Sunnfjord kommune. Det vart det opplyst om under bystyremøtet i Florø tysdag ettermiddag.

Namnevalet skapar sterke reaksjonar hos bystyrerepresentantane frå sunnfjordbyen Florø.

– Eg er veldig overraska. Flora kommune har gitt innspel på at sunnfjordnamnet må femne om alle kommunane i Sunnfjord, ikkje berre nokre av dei. Språkrådet er også motstandar av namnet. Så kvifor det vart dette namnet, er ei stor gåte. Eg trur mange blir irritert og forbanna av at halvparten av Sunnfjord tar sunnfjordnamnet og dermed definerer kva som er Sunnfjord, seier ordførar Ola Teigen (Ap) i Flora kommune.

– Dette var så overraskande at eg nesten ikkje trudde det var sant, seier tidlegare ordførar Bengt Solheim-Olsen (H).

– Eg trudde dette namnevalet var lagt daudt for lenge sidan. Dette tek frå oss verdien og retten til å kalle oss for sunnfjordingar. Dette blir opplevt som eit overgrep, tordnar Solheim-Olsen.

Han meiner at dette i praksis fører til at debatten knytt til samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane no blir lagt daud.

Artikkeltags