Førar meld til politiet etter å ha køyrt rundt med dette på lasteplanet

DÅRLEG SIKRA: Så enkelt var det å løfte ut ei skiferhelle frå lasteplanet.

DÅRLEG SIKRA: Så enkelt var det å løfte ut ei skiferhelle frå lasteplanet. Foto:

FØRDE: – Kontrolløren kunne trekke hellene av planet med handa. Det skriv Statens vegvesen etter tysdagens kontroll på Førde trafikkstasjon ved E39.

DEL

Totalt var 23 køyretøy innom i kontrolltida, sju av desse vart nærmare kontrollerte. Det skriv Firda.

Manglande sikring av skiferheller

Ein førar av eit norsk vogntog vart meld til politiet for manglande sikring av last. Vogntoget var lasta med skiferheller på eit ope lasteplan og lasta høgare enn karmane. Fleire av skiferhellene var ikkje sikra, så med berre ei hand kunne kontrolløren trekke hellene ut av lasteplanet.

I tillegg var det norske vogntoget overlasta. Difor fekk føraren bruksforbod inntil den ekstra vekta vart lasta av og resten av lasta var trygt sikra. For overlasta fekk transportfirmaet eit gebyr på 2450 kroner.

Måtte ta på kjetting

Ein utanlandsk førar fekk pålegg om å bruke kjettingar på tilhengaren på veg med snø og isdekke. Dekka var merka med M+S, som står for «mud and snow» (gjørme og snø), og hadde over fem millimeter mønster. Men dette mønsteret var ikkje eigna til vinterføre og har minimalt med friksjon under bremsing. I tillegg fekk den utanlandske føraren åtvaring for å ha brote reglane om køyre – og kviletid.

Fem andre køyretøy fekk skriftleg påtale for tekniske manglar.

BOT: Transportfirmaet til det norske vogntoget fekk ei bot på 2450 kroner på grunn av overlast.

BOT: Transportfirmaet til det norske vogntoget fekk ei bot på 2450 kroner på grunn av overlast. Foto:

Artikkeltags