Mann (19) ligg alvorleg skadd på intensivavdeling etter Rv5-ulykka. 24-åring er også alvorleg skadd

ALVORLEG SKADDE: Mannen på 21 år som vart frakta til St. Olavs Hospital er alvorleg skadd, men stabil etter ulykka på rv. 5. Haukeland universitetssjukehus melder også nsdag morgon at 24-åringen som vart sendt dit også er alvorleg skadd.

ALVORLEG SKADDE: Mannen på 21 år som vart frakta til St. Olavs Hospital er alvorleg skadd, men stabil etter ulykka på rv. 5. Haukeland universitetssjukehus melder også nsdag morgon at 24-åringen som vart sendt dit også er alvorleg skadd. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE/TRONDHEIM: Ligg på intensivavdelinga ved St. Olavs Hospital i Trondheim. Personen som vart frakta til Haukeland er alvorleg skadd.

DEL

Personen som tidleg vart frakta i Sea King til St. Olavs Hospital i Trondheim etter kollisjonen på rv. 5 i Erdalen utanfor Førde tysdag morgon, ligg no på intensivavdelinga ved sjukehuset.

Ifølgje kommunikasjonsrådgjevar ved kommunikasjonsavdelinga ved St. Olavs Hospital, Trine Stensaas, er tilstanden til mannen, som er fødd i 1998, alvorleg skadd, men stabil. Det melder Firda.

Alvorleg skadd

Det var totalt fem personar involvert i ulykka, og ein 24 år gammal mann vart også sendt til Haukeland Universitetssjukehus.

Onsdag klokka 10.00 blir det melder sjukehuset at 24-åringen er alvorleg skadd.

Dei tre andre involverte i ulykka var meldt lettare skadde, og er frakta til Førde sentralsjukehus.

Artikkeltags