Mann pågripen på hotell, sikta for valdtekt

FØRDE: Pågripinga skjedde natt til søndag på eit hotell i Førde.

DEL

Politiet henta ein mann på eit hotell i Førde natt til søndag. No er han ifølgje Bergens Tidende sikta for valdtekt.

Pågripinga skal ha skjedd tidleg søndag morgon rundt klokka 4. Til Bergens Tidende seier politiadvokat Mats Henriksen ved Vest politidistrikt at dei er heilt i startfasen av etterforskinga, og at han difor ikkje kan kommentere saka ytterlegare.



Artikkeltags