11.000 var på VG-lista-konserten

simon vie ørjan alme vglista førde kultur musikk konsert

simon vie ørjan alme vglista førde kultur musikk konsert Foto:

Av og
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

– Med dette publikummet kunne ein like gjerne vore i ein av dei andre storbyane.

Det seier Lise Rønneberg, eventsjef for VG-lista-turnéen til Firda. Ho fortel at dei har talt 11.000 besøkande under onsdagskveldens konsert i Førde.

Til samanlikning var tala 11.000 for Stavanger, 12.000 i Bergen og 13.000 i Trondheim.

– Har gått knirkefritt

– Vi har samarbeida bra med kommunen og lokalmiljøet, hatt god dialog og blitt veldig godt tatt i mot. Det har gått heilt knirkefritt, seier Rønneberg om arrangementet i Førde.

Ho synest det no er litt rart å vere ferdig med årets sommarturne. Førde var nemleg siste stopp for VG-lista.

– I kveld skal vi vel ete middag, og som mange andre sjekke ut festen her på Sunnfjord hotell. Og så begynner straks planlegginga av neste års VG-lista-turne, seier ho.

– Årets happening

– Det var heilt fantastisk kult å sjå alle folka!

Familien Berge tok turen frå Høyanger for å sjå VG-lista i Førde. Dei har vanlegvis reist til VG-lista i Bergen for å høyre på musikk, men då det vart avklart at konserten skulle haldast i Førde også, var valet lett.

– No måtte vi reise til Førde i staden, seier mor i familien, Siv Maren Hetle Berge.

Far i familien legg til at det absolutt er årets happening.

– Betre enn årets happening, legg dottera Stine til.

Kven likte dykk best?

– Iselin Solheim, heilt klart!

Dotter i familien, Stine Hetle Berge (12), er eining med resten av gjengen, men digga at Vegard Harm også tok turen.

– Han er så utruleg morosam!, ler ho.

Far i familien synast konserten var like stas som ungane, og er imponert over folkemengda. Han trur at det kunne vore meir dersom sola hadde titta fram, men meiner oppmøtet uansett var svært bra.

– Det var heilt enormt, meiner mor Berge.

Artikkeltags