Plutseleg fossa vatnet inn i båthamna

Av

Flytebrygge vrei seg og ein båt fekk slagside då vatn fossa inn i båthamna i Førde natt til søndag.

DEL

FIRDA: – Politiet var kalla ut, men kva som har skjedd kan ikkje vi seie noko om. NVE er informert og skal ta saka vidare, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Som følgje av vassmengdene oppstod det skadar på minst ein båt og ei flytebrygge, melder Firda.

Fungerande regionsjef i NVE seier dei skal ut og vurdere hendinga måndag.

– Førebels veit vi ikkje kva som har forårsaka desse vassmengdene. Kor mykje vatn det er i Løken vert påverka av vasstanden i Jølstra. Ved flo renn det vatn inn i området, men av det vi kan sjå av målestasjonen i Jølstra skal det ikkje ha vore nokre hendingar der. Heller ikkje i Anga, seier Siss-May Edvardsen.

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags