Namnet frigitt: Birgitte Kallestad døydde av rabies

FØRDE: Familien vil gå ut med den sanne historia om kva som skjedde.

DEL

BA: Birgitte Kallestad (24) døydde etter å ha blitt smitta av rabies.

Torsdag kveld sende familien ut pressemelding via sin talsperson; smittevernlege Jens Eikås.

– Då det nå verserer mange rykte, vel vi å gå ut med den sanne historia om kva som skjedde, melder dei i ein pressemelding.

– Birgitte reiste til Filippinane i februar saman med fleire venner. Då dei var ute og køyrde moped, så dei ein liten hjelpelaus kvalp i vegkanten. Birgitte løfta kvalpen opp i ein kurv, og tok den med heim. Ho vaska og stelte den og den byrja til hennar glede å friskne til. Dei leikte med kvalpen i hagen. Alle i huset lekte med kvalpen, også familien som budde i resorten, og naboungane. Etter kvart begynte kvalpen å bite etter dei på kvalpevis. Den nappa etter fingrane når dei leikte. Alle fekk nokon små kvalpebit i ferien. Birgitte som sjølv er helsearbeidar gjorde alt ho skulle. Dei små skrammene var ikkje større enn at de blei sterilisert. Ingen av dei ho var saman med så noko behov for legetilsyn.

– Først etter at ho hadde vore heime i Norge i lang tid, begynte ho å bli sjuk. Ingen kopla dei små skrammene frå ferien til sjukdommen, aller minst henne. Sjukdommen utvikla seg vidare mens legane kjempa for å finne ut kva som var gale. Ho hadde fleire turar til legevakta, og blei til slutt innlagt. En lege meinte at symptoma kunne likne på rabies. Reisefølget var ikkje vaksinert. Det er fordi denne vaksinen ikkje er på lista over vaksinar som er påkravd til Filippinane, med mindre du reiser til område med dårleg hygieniske og sanitære forhold.

– Vår kjære Birgitte elska dyr. Vår redsel er at dette skal skje andre som har et varmt hjarte som henne. Vi ønsker at denne vaksinen blir med i programmet for stader der det kan vere rabies, og at folk blir merksame på farane. Klarer vi å oppnå dette kan vår solstråle sin død redde andre, skriv familien i deira varme helsing.

– Veldig tøft

BA snakket med talsperson Jens Eikås tidlegare på dagen torsdag. Då sa han blant anna følgande om saka:

– Korleis har dei siste dagane vore?

– For familien har det naturlegvis vore veldig tøft. Då rabies-diagnosen blei sett, fekk dei samstundes vite at det ikkje gjekk an å gjere noko, fordi det allereie var oppdaga nevrologiske symptom. Ho var i ein alder då ein har stor omgangskrets, og det er klart denne tragedien påverkar omgjevnadene.

– Ho kom frå et mindre stad i Fjell?

– Ja, ho er frå et stad med relativt få menneske. Det verkar som om de fleste kjenner kvarandre. Då blir det tungt for alle. Mange bryr seg på ein god måte. Nå omgitt familien av varme og støtte.

Artikkeltags