For få parkerings- plassar

Småbarnsforeldra har fått badet dei har drøymt om, og er tydeleg flittige brukarar.

Småbarnsforeldra har fått badet dei har drøymt om, og er tydeleg flittige brukarar.

Artikkelen er over 10 år gammel

Alt no kan vi slå fast at Sørstrand folkebad er blitt ein stor suksess.

DEL

Laurdag var truleg 2-300 innom den opparbeidde sandstranda for å bade og sole seg. På vanlege kvardagar i finveret i det siste, har initiativtakar Magne Hovland, sett 50-100 dagleg på stranda godt ut på ettermiddagen.

Mindre barn

Særleg lokkar sjøen og sanden mange småbarn med foreldre, ser det ut til. Største utfordringa kan bli parkeringa. Laurdag tok det ikkje lang tid før heile parkeringsplassen til Sørstrand barnehage var oppteken.

Hovland oppmodar folk om å ta omsyn til dei som bur i området og la vere å prøve å køyre lenger inn mot badestranda enn til barnehagen. No har og Avinor fysisk stengt av beredskapsvegen og har dermed gjort det umuleg å køyre heilt fram.

Hastar

Med så mykje folk hastar det også å få ei forsvarleg bosshandtering på plassen. Hovland har bede kommunen om å plassere ut ein konteinar. Denne veka var den ikkje komen på plass.

Artikkeltags