– For dyrt med helikopter

Kunne flammane som svidde av eitt område på om lag ti mål ved Rognen, ha spreidd seg mot Mørkedalen som strekk seg ned mot Sagebø i Sørgulen? Wilhelm Larsen frå Sivilforsvaret meiner det. Varabrannsjef Eivind Ask er ueinig. Dalen Myrkedalen ser du nede i bildet. Fjellet Rognen til høgre og Vågane og Smørhamn oppe til venstre.

Kunne flammane som svidde av eitt område på om lag ti mål ved Rognen, ha spreidd seg mot Mørkedalen som strekk seg ned mot Sagebø i Sørgulen? Wilhelm Larsen frå Sivilforsvaret meiner det. Varabrannsjef Eivind Ask er ueinig. Dalen Myrkedalen ser du nede i bildet. Fjellet Rognen til høgre og Vågane og Smørhamn oppe til venstre. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Berre viss eit helikopter hadde vore i lufta allereie, kunne det vore aktuelt med støtte under brannen.

DEL

To gonger vart helikopter etterspurt under lyngbrannen på Rognen i Bremanger fredag.

– Svært alvorleg
Brannen starta torsdag ettermiddag etter at eit kaffibål kom ut av kontroll. I tillegg til personell frå brannvesenet i Flora og Bremanger, stilte om lag førti personar frå Sivilforsvaret i Flora, Førde, Askvoll og Sogndal. Om lag 20 av desse, lasta med utrusting og brannpiskar, brukte om lag to timar på å komme seg opp mellom 400 og 500 høgdemeter til der brannen var. Wilhelm Larsen leia dei som kom frå Sivilforsvaret i Flora. Han meiner brannen var svært alvorleg.

– Vi fekk ikkje skikkeleg oversikt før dei var på plass og kunne begynne sløkkinga. Dessutan bar dei svært tungt. Dei vart sveitte og svært kalde ut over natta. Eg meiner klinkande klart at det burde vore tilgjengeleg helikopter for frakting av utstyr og folk, seier Larsen.

Han meiner brannen ville spreidd seg til Sørgulen viss det ikkje hadde vore for innsatsen til alle dei som gjekk opp i fjellet og vart der over natta.

– Heilt uaktuelt
– Det var aldri aktuelt med helikopter. Det kjem av at ein ser på den økonomiske belastninga, og der tenker ein økonomi kontra gevinst, seier Eivind Ask, varabrannsjef i Flora brannvesen.

Han hadde overbefalsvakt under brannen då innsatsleiar Stig Holm i Bremanger brannvesen etterspurte helikopter. Skogbrannhelikopter var det aldri snakk om, og dette var Holm klar over. Men viss eit vanleg transporthelikopter hadde vore i lufta allereie, kunne dette gitt kortare assistanse.

– Skogbrannhelikopter i Norge er ei omfattande affære, og helikoptera er stort sett stasjonert i sør og aust. Det kjem av at desse områda må prioriterast. Her i området er det ikkje snakk om drivverdig skog med hogstverdi, forklarar Ask. Fredag var nærmaste skogbrannhelikopter stasjonert på Sola. I tillegg var der eit lokalt helikopter på Bringeland med skogbrannbøtter tilgjengeleg.

Ask vedgår at helikopter kunne gitt styrkane meir detaljkunnskap om brannen, men kjenner seg ikkje att i situasjonen som Wilhelm Larsen skildrar.

– Det var aldri reell fare for at brannen kom ned til bygdene. Skogen nedanfor er lauvskog som inneheld så mykje vatn at den nesten er sjølvsløkkande. Naturen hadde berre godt av å bli brent. Sivilforsvaret stilte opp og gjorde ein manns jobb. Men dette forventar vi av dei, seier Ask, som samtidig rosar innsatsen til dei som stillte frå Sivilforsvaret.

Artikkeltags