Vi blir stadig færre på kysten

Artikkelen er over 1 år gammel

Folketalsnedgang i Flora, Vågsøy og Bremanger.

DEL

Bremanger har no færre enn 3800 innbyggarar, med 3792. Dei har mista 55 innbyggarar i løpet av 2017.

Kommunen har mista 776 innbyggarar sidan 1990. I 2000 var innbyggartalet 4170, i 2010 3908.

Flora kommune har hatt motsett utvikling sidan 90-talet. i 1990 var det 9856 floraværingar, i 2000 11.226, og i 2010 11.586.

I år har Flora gått frå 11.999 1. januar, til 11.987 i desember. Det vil seie ein nedgang på 12 innbyggarar.

Vågsøy kommune har bikka under 6000 innbyggarar i 2017, frå 6031 1. januar til 5984 no i desember (-47 i 2017).

  • Klikk deg rundt på kartet for å sjekke utviklinga i din kommune

Samstundes har Førde auka med 51, til 13.060, Eid med 76 til 6140, og Sogndal har uka med 118, til 8059.

Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå, som vart offentleggjort fredag.

Artikkeltags