Folketalsnedgangen held fram i Flora

MINUS: Flora har trøbbel med folketalet. No er det 110 færre florøværignar enn det var i starten av året.

MINUS: Flora har trøbbel med folketalet. No er det 110 færre florøværignar enn det var i starten av året. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

FOLKETAL: Fråflytting er det store problemet for folketalet i Flora. For fylket sin del spelar også eit stort fødselsunderskot inn. Berre Finnmark mistar fleire innbyggarar enn oss.

DEL

Så langt i år har det komme 71 nye florøværingar til verda. Det er fylkets tredje høgste fødselstal så langt i år, etter Førde og Sogndal. Men smårollingane reddar ikkje Flora frå å vere den største bidragsytaren til negativ folketalsutvikling. Det skriv Firda.

Sjå tabell nedst i saka.

Det siste året har det blitt 244 færre innbyggarar i Sogn og Fjordane. Folketalsnedgang i Flora utgjer 45 prosent av totalen, eller 110 personar. Ser vi nærare på tala er det utflytting som er det store problemet. 115 personar har valt å flytte frå kommunen til no i år. Dette har vore eit aukande problem utover i året. Berre dei siste tre månadane har det flytta ut 75 fleire personar frå Flora enn det har flytta til.

Berre sju med vekst

Vik, Hornindal, Jølster, Lærdal, Vågsøy, Fjaler, Stryn, Årdal, Luster, Leikanger, Gulen, Askvoll, Gloppen, Naustdal, Bremanger, Høyanger går også i minus. Berre sju kommunar har folketalsvekst til no i år. Aurland og Selje står på staden kvil.

Året starta med mange dødsfall, noko som prega folketalet i fleire kommunar. Fødselstala har stige utover året, men det hjelper ikkje på totalen. Til no i år har det døydd 23 fleire personar enn det har døydd i Sogn og Fjordane.

Førde og Sogndal er dei einaste kommunane med eit fødselsoverskot på over ti personar. Til no i år er det fødd 124 nye førdianarar, medan 44 har døydd. Det betyr eit fødselsoverskot på 80. Sogndal har 25.

Stort fødselsunderskot

Om vi ser på berre dei tre siste månadane er Sogn og Fjordane eitt av fire fylke med negativ folketalsutvikling. Ser vi på heile året under eitt, er det berre Finnmark som har svakare utvikling enn Sogn og Fjordane. Oppland er det tredje fylket med negativ folketalsutvikling så langt i år.

For Sogn og Fjordane sin er det utflytting og fødselsunderskot som er den store syndaren. Til no har det døydd 77 fleire personar enn det har det komme nye til. Tilflyttarar minus utflyttarar viser ein eit tap på 221 innbyggarar.

Artikkeltags