Folketalet går ned på kysten

Artikkelen er over 1 år gammel

Folketalet i både Flora, Vågsøy og Bremanger minkar.

DEL

Fredag kom oppdaterte folketal for tredje kvartal i 2017. Tala frå Statistisk sentralbyrå viser nedgang på kysten, og auke i Førde, Sogndal og Eid.

Totalt aukar folketalet i Sogn og Fjordane berre med 29 personar, til 110.363.

Flora kommune har igjen bikka under 12.000 innbyggarar, til 11.998. Siste kvartal har innbyggartalet gått ned med heile 54 personar.

117 personar flytta til kommunen i tredje kvartal, mens 179 flytta frå Flora. Det vart fødd 24 nye floraværingar, mens 16 døydde.

Bremanger størst nedgang

Bremanger har mista 15 innbyggarar siste kvartal. Med berre tre fødde og 11 døde er fødselsoverskotet i kommunen på minussida.

Samstundes flytta 41 personar til kommunen, mens 48 personar flytta frå Bremanger. Kommunen har no eit folketal på 3801.

I Vågsøy går folketalet ned med 22 personar. 68 flytta inn, 90 flytta ut, og fødselsoverskotet gjekk ut i null.

Samstundes aukar Førde med 68, til 13.109, og Sogndal med 97, til 8047

God vekst i Eid

Eid kommune har per 1. oktober eit folketal på 6128, ein auke på 28 frå 1. juli. Dette er åttande kvartalet på rad at Eid har vekst.

- Veksten i Eid er siste to åra samla på 126 innbyggjarar, eller ca 2 prosent. Det betyr at folketalet veks dobbelt så raskt i Eid som i landet elles, seier ordførar Aldred Bjørlo (V).

Folketalsauken i Eid i tredje lvartal kjem både av fødselsoverskot, netto innflytting frå utlandet og netto innflytting frå andre kommuner i Noreg. 

- Den sterke folketalsveksten i Eid dei siste åra syner at det er råd å skape vekst, optimisme og attraktive stader å bu også i distrikts-Noreg, seier Bjørlo i ei pressemelding.

- Eid har satsa sterkt på sentrumsutvikling, bustadbygging, gode skular og oppvekstvilkår for born - og det er ein sterk bu- og arbeidsmarknad samla i Nordfjord som styrker heile regionen.  Med endringane vi no ser i norsk økonomi, med overgang frå ein einsidig olje-økonomi til meir vekst i andre deler av næringslivet i Noreg, ser eg svært lyst på framtida for både Eid, nye Stad kommune og resten av Nordfjord og Sogn og Fjordane, seier ordføraren.

Artikkeltags