Ber deg hjelpe til med å avgrense spyflugeplage

Artikkelen er over 1 år gammel

Folkehelseavdelinga har fått tilbakemeldingar frå publikum om mykje spyfluger i Florø.

DEL

Spyfluger er ikkje farlege, men kan vere svært irriterande og skape utfordringar for næringsverksemd, skriv rådgjevande lege, Kjell Arne Nordgård til Firdaposten.

Spyflugene nyttar matavfall til mat og egglegging. Dei oppsøkjer difor område med matproduksjon og oppbevarte matvarer, og skaper utfordringar for bønder, spesielt sauedrift.

"Den lange perioden med høg temperatur har gitt gode forhold for klekking av larvar. For å avgrense formeiringa av spyfluger ber vi befolkninga om å sortere matavfall og ikkje la organisk avfall stå framme eller ute over lengre tid. Alle bør vaske avfallsdunkene sine regelmessig, spesielt på sommaren når det er varmt i været", informerer Nordgård.

Artikkeltags