Gå til sidens hovedinnhold

Folkefest under Nordgulen Høgt og Lågt

Artikkelen er over 13 år gammel

At Svelgarar er eit sporty folkeferd levnar det ingen tvil om

Med både Small Ships Races, Eliasbåten og Thriathlon på programmet hadde Nordgulen Høgt og Lågt noko som kunne passe for alle og einkvar.

Laurdag ettermiddag var det folkefest i Svelgen Sentrum og kor ein snudde og vende seg var det noko å sjå på eller være med på sjølv.

Mest utfordrande var nok Thirathlon og ikkje minst Femathlon der ein fekk testa den fysiske formen gjennom sykling, padling, springing, symjing og sist men ikkje minst rulleskiløp. For dei minste var der fiskekonkurranse, eventyrtelt og geiter ein kunne være med å mate.

Tidleg formiddag truga regnbygene med å gjere det til ein våt oppleving, men utover ettermiddagen gjorde sola sitt til at det vart både ein varm og fin dag.