Flytta fjell for å utvikle firmaet

Per Bortheim framfor området som no er i ferd med å bli klart.

Per Bortheim framfor området som no er i ferd med å bli klart. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Han starta i det små i 1993 med ein lastebil. Etter kvart som firmaet utvikla seg, dukka behovet for meir næringsareal opp. Sidan kommunen ikkje kunne hjelpe han, så tok han saka i eigne hender.

DEL

1. mai reknar Per Bortheim med at dei flyttar inn i eige bygg på ei tomt som i utgangspunktet var ein svær steinknaus.

– Entreprenør Trygve Ullaland har skote ut og selt steinen vidare til utbygginga på oljebasen. Prosessen med å utvikle området har vore lang og kronglete og teke kring 10 år.?Vi møtte mykje motstand i samband med reguleringsplanen, men sluttresultatet blir kjempebra for oss, smiler lastebilgründeren i Per Bortheim Transport.

Meir dekkservice

Investeringa er på kring 20 millionar kroner totalt. Til våren flyttar dei inn ei eige bygg med servicehall, garasjar, kontor og sove- og kvilerom for sjåførar. I?tillegg skal bygget innehalde ein del for dekkservice og eige dekkhotell. ?

– Vi satsa på å tredoble aktiviteten vår innan dekkservice, fortel han.

Sjølv om det er sett av rikeleg utvendig areal for omlasting av gods og oppstillingsplass for lastebilar, så vil det likevel bli ledig areal som kan leigast ut til andre.

Per Bortheim Transport samarbeider tett med det store sveitsiske logistikk- og transportselskapet Panalpina.

Leiteboring

– Vi er spesialisert på base-til-base-transport i oljebransjen. Næringsgrunnlaget vårt ligg i å forsyne leiteriggane med det dei treng til ei kvar tid, fortel Bortheim.

Og det er verkeleg snakk om kor tid som helst.

– Det er ein ting eg ikkje kan leve utan, og det er telefonen. Vi lever av å vere tilgjengelege for oppdrag dag og natt. Eg har faktisk ikkje slått av telefonen dei siste 17 åra, smiler han.

Meir krevjande

Han er heilt klar på at å byggje seg opp som gründer slik han har gjort, er blitt meir og meir krevjande.

– Hadde eg visst kva eg gjekk til, så er det ikkje sikkert at hadde satsa på dette. Eg misunner ikkje dei som skal byggje seg opp som gründerar i dag. Det er høgare krav til eigenkapital og det blir stilt stadig sterkare krav til å leggje til rette for dei tilsette.

Artikkeltags