Snøen gir flytrøbbel

DEL

07.50-flyet til Bergen vart kraftig forseinka frå Florø tysdag morgon - først klokka 09.15 var det på vengene.

– Det er på grunn av snøvêret. Flesland har vore stengd; dei har først byrja å komme i gong med trafikken no, fortel Eva Eide i Widerøe Florø.

Osloflya har gått til oppsett tid, men forseinkingane til Bergen vil halde fram, i alle fall ut over føremiddagen.

– Flyet som skulle gått frå Florø klokka ni, har enno ikkje gått frå Bergen. Dei står med passasjerar ombord, sannsynlegvis i avisings-kø, seier Eide, som ikkje kan seie noko nærare om kor tid det vil vere i Florø.

Artikkeltags