Meir flykrøll: No skapar punkteringar forsinkelsar

Det er sjukdom på kabinpersonale som skapar rutekrøll for Widerøe tysdag morgon.

Det er sjukdom på kabinpersonale som skapar rutekrøll for Widerøe tysdag morgon. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Tysdag 23. januar går ikkje over i historia som ein dag der flytrafikken gjekk på skinner.

DEL

Det starta med trøbbel for Widerøe allereie tysdag morgon. Sjukdom på kabinpersonale gjorde til at morgonflya både til Oslo og Bergen ikkje gjekk. Og medan kvart på åtte-flyet til Bergen gjekk som normalt, blei Florø-flyet til Bergen via Førde klokka 08.55 kansellert.

Etter kvart kom eit gryande håp om normaltilstandar - men før lunsj dukka nye problem opp.

- 11.35-flyet til Bergen tok av frå Florø ti minuttar forsinka. Men flyet måtte først fly to teknikarar opp til Kristiansund, for der stod eit fly som hadde fått punktering. Teknikarane må først opp dit, før flyet kan vende sørover mot Bergen, forklarar Leif Helge Kvalheim hjå Florø Flyservice til Firdaposten.

- Er det håp om at resten av flytrafikken til og frå byen vår går som normalt i dag?

- Det er det. Men ikkje utan atterhald. Det er varsla dårlegare ver utover dagen og kvelden, så det står att å sjå, seier Kvalheim.

Artikkeltags