Alle fly torsdag morgon er innstilt

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

På Widerøes nettsider melder dei at alle flya frå Florø i morgontimane torsdag er innstilt.

Det gjaldt for 06.20 til Oslo, og heller ikkje 07.45 til Bergen kjem seg på vingane.

Flyet som går Førde-Bergen klokka 09.00 er innstilt, og det same gjeld for 09.25 til Oslo.

Det er venta at 11.55 til Bergen, og dei etterfølgande flya etter det vil gå som normalt, men det kan fort bli forseinkingar etter kvart som flya kjem seg på vingane utover føremiddagen.

Når det gjeld fly som skal lande i Florø er det klart at både 07.30 frå Ørsta/Volda, 08.30 frå Bergen, samt 09.05 frå Oslo er innstilt. Alle ruter etter det ser foreløpig ut til å gå som normalt, men også her kan det nok vere lurt å ta høgde for forseinkingar.

Også på dei andre flyplassane i fylket er flytrafikken innstilt torsdag morgon.

Artikkeltags